Toviki - Klevahytta - Iungsdalen. 10 turfavorittar 2016

Vandring 3.5 - 4.5 t 11 km

Det hender du kjem til stader i denne verda du ikkje har lyst til å forlate. Vel, då er det godt det finns hytter!

Start i Toviki og følg god stig på vestsida av Mjølga. Etter om lag 1 km svingar stigen av frå Mjølga, oppover gjennom Klevaskardet (mot nord-vest). På toppen av Klevaskardet held stigen fram i småkuppert terreng til
Store Klevavatnet. Langs sør-vest sida av Store Klevavatnet går stigen i ur fram til Klevahytta som ligg på dalskuldra ut mot Fødalen.
Klevahytta disponerast av Ål fjellstyre og vert leigd ut.

Ved Klevahytta er det fint å ta ein pause. Her får du eit mektig utsyn til både
Klevavatnet, Fødalen/ Fødalsvatnet og Systrandfossen samtidig.
Fylg DNT-stig vidare ned i Fødalen til
Iungsdalshytta. Dette er ei betjent DNT-hytte. Der kan du i sommarsesongen både helse på dyra, få servering av stølskost og overnatte.

Frå Iungsdalshytta kan du bestille båtskyss til Toviki om du ikkje ynskjer å gå stigen langs vatnet attende. Turen kan ein sjølvsagt også gå motsatt veg.

Hallgrim Sataslåtten
Torleiv Torgersen
Torleiv Torgersen

Likte du Toviki - Klevahytta - Iungsdalen. 10 turfavorittar 2016? Finn opplevelser i nærheten.

Einsetnuten

1.5 - 2.5 t

1.9 km

Fagerdalen støl

Flyløypa

3 - 5 t

17.9 km

Skorpebu

5.5 - 6.5 t

4.7 km