Toviki - Klevahytta - Iungsdalen Vandring

  • Foto: Torleiv Torgersen

  • Foto: Hallgrim Sataslåtten

  • Foto: Torleiv Torgersen

  • Foto: Torleiv Torgersen

Viktig informasjon

  • Destinasjon Ål
  • Sesong juni–november
  • Vanskelighetsgrad Vanskelig
  • Lengde 11 kilometer
  • Høyde 310 meter
  • Varighet 3.5–4.5 timer

Legg i favoritter

Om Toviki - Klevahytta - Iungsdalen

Det hender du kjem til stader i denne verda du ikkje har lyst til å forlate. Vel, då er det godt det finns hytter!

Start i Toviki og følg god stig på vestsida av Mjølga. Etter om lag 1 km svingar stigen av frå Mjølga, oppover gjennom Klevaskardet (mot nord-vest). På toppen av Klevaskardet held stigen fram i småkuppert terreng til
Store Klevavatnet. Langs sør-vest sida av Store Klevavatnet går stigen i ur fram til Klevahytta som ligg på dalskuldra ut mot Fødalen.
Klevahytta disponerast av Ål fjellstyre og vert leigd ut.

Ved Klevahytta er det fint å ta ein pause. Her får du eit mektig utsyn til både
Klevavatnet, Fødalen/ Fødalsvatnet og Systrandfossen samtidig.
Fylg DNT-stig vidare ned i Fødalen til
Iungsdalshytta. Dette er ei betjent DNT-hytte. Der kan du i sommarsesongen både helse på dyra, få servering av stølskost og overnatte.

Frå Iungsdalshytta kan du bestille båtskyss til Toviki om du ikkje ynskjer å gå stigen langs vatnet attende. Turen kan ein sjølvsagt også gå motsatt veg.

Køyrebeskrivelse:

Følg Rv7 ca 2 km øst for Ål sentrum. Ta av til venstre. Følg Fv 244 mot Bergsjø, forbi vatnet Rødungen N og vidare langs vegen til Toviki ( ca 50 km frå Ål sentrum ). Bomveg

Parkering:

På parkeringsplassen rett før brua over elva Mjølga i Toviki.

Km/ moh:

13 km som rundtur. 1090 - 1280 moh

Kart:

Reineskarvet 1: 50.000


Se flere populære opplevelser

Blåløypa
Geilo

Vandring 4.9 km · 1.5 – 2.5 t

Einsetnuten
Geilo

Vandring 1.9 km · 1.5 – 2.5 t

Flyløypa
Geilo

Langrenn 17.9 km · 3 – 5 t

Toviki - Klevahytta - Iungsdalen kart