Haugsvarden

Terrengsykling 3 - 5 t 10.1 km

Flyt, utsikt fjell og fjord, Haugsvarden har alt.

Startpunkt for turen er Nordfjord Folkehøgskole utanfor Sandane. Følg E39 vestover ut frå Sandane sentrum. Avkøyringa til folkehøgskolen er på høgre side. Følg skilting under vegen på motsatt side til skulen, parkér her. Sykle/kjør så tilbake mot Sandane igjen. Etter 3,5 kilometer tar du av til venstre, skilt mot Fjellbygda. Bratt stigning på asfalt, og deretter grus. Etter eit lite stykke på grus, tar ein 180 grader til høgre, gjennom eit gårdstun, og videre på grusvei. Deretter bom der ein må betale, hugs pengar! Fortsett så på denne grusvegen helt til Tystadstøylen, der det er ein parkeringsplass.

Her går stien oppover, gjennom støylen, ver gjerne snill med grunneigarane og sett minst mogleg spor i vått terreng. Stien følgjer vidare ryggen oppover. Du skal i første stikryss holde til venstre mot Haugsvarden, som du no ser til venstre for deg. Lomvatnet ligger på venstre side av stien. Fin flytsti, med nokre litt steinete parti mot toppen. Frå Haugsvarden har du utsikt utover Nordfjord, og Sandane Lufthavn. Ved toppunktet er det berre å snu, og sykle samme veg ned igjen til parkeringsplassen. Super utforkjøring med fin flyt, og nokre meir tekniske parti ned mot Tystadstøylen.

Nede ved parkeringsplassen ved Tystadstøylen er første del av stien unnagjort. No syklar du grusvegen nokre meter tilbake der du kom frå, no droppar stien ned til høgre. Bratt og meir teknisk terreng ventar, køyr med hovudet. Hugs å stenge grindene etter deg.

Etter kvart kjem du ned til eit gardstun. Her følger du grusvei til høgre, til den deler seg i tre. Ta til høyre, på traktorvei, som går over til sti. Følg stien nedover tett barskog, helt til du kjem ut på E39 ved folkehøgskulen.

Snorre Brenne
Jørgen Storhaug
Sonja Føleide
Sonja Føleide

Likte du Haugsvarden? Finn opplevelser i nærheten.

Ytrehornsnakken

1 - 2 t

Mountain Storehornet

4 - 6 t

6.1 km

Kyrkjhornssætra

1 - 3 t

1.6 km

Hornindal Rundt

19.5 - 24 t

71.2 km