Eventyrlige Billingen Overnatting

  • "På Billingen Seterpensjonat kan vegfarande få mat, drikke og kvile i gode senger. Den ville, vakre Tora brusar forbi rett utanfor glaset."

    "På Billingen Seterpensjonat kan vegfarande få mat, drikke og kvile i gode senger. Den ville, vakre Tora brusar forbi rett utanfor glaset." Foto: Nasjonalparkriket

  • Bygg deg en liten varde, og et minne for livet ved Billingen seterpensjonat.

    Bygg deg en liten varde, og et minne for livet ved Billingen seterpensjonat. Foto: Merete Dagsgard

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Skjåk
  • Sesong: januar–november

Om Eventyrlige Billingen

Plassen er ein naturleg stoppestad for vegfarande og eit flott utgangspunkt for fjellturar. Seterstulen er av dei eldste seterstulane i bygda, og i 1920 opna Billingen seterysteri på staden der pensjonatet står i dag. Dette var eit felles ysteri for setrene ikring. Marianne sine oldeforeldre var med å fekk igang dette. Det var kafedrift i tillegg til ysteri og vegfarande kunne kjøpe både smør, rømmekolle og geitost. Etter krigen vart det slutt på ystinga, men kafedrifta heldt fram. Fyrst på 50-talet tok også dette slutt og huset vart fløtt til Hamsevika ved Grotli og nytta som slakteri for TRIO tamreinlag. Besteforeldra til Marianne, fekk ta over den vesle hytta som vart nytta til ostelager. Marianne arva den vesle ystbua og draumen om å skapa noko på denne staden kunne realiserast. Både Arnstein og Marianne er opptekne av å ta vare på gamle tømmerhus. Det er fleire gamle hus heime på garden som har vore gjennom ei restaurering. Bygningen er eit gamalt våningshus frå Skjåk frå 1800 talet, som er flytta opp frå bygda. Her er det blanda både gamalt og nytt med røffe tømmerveggar attåt kvit panel og gamle møblar frå rundt 1900-talet. På veggane heng svart-kvit bilder frå Skjåk historielag sitt arkiv, frå den gongen det var seterysteri her. Med elva Tora brusande forbi ligg pensjonatet og kafeen som eit eventyrleg pusterom, berre eit steinkast frå rv 15. På Billingen Seterpensjonat er kultur-, mat – og naturopplevingane mange – og stuttreiste. Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfrihet og tømmerveggar med sjel. Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen, stigen som er ein hyllest til lyrikaren Jan Magnus Bruheim med tavlar som inneheld utdrag frå diktinga hass. Dette kan vere ei filosofisk vandring, der ein kan ta seg tid til å reflektere over dei store og små tinga i livet.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Føysestein stonebridge
Skjåk

Vandring 2.9 km · 1.5 t

Billingen - Diktarstigen
Skjåk

Vandring 0.6 km · 0.5 t

Billingen – Måsåbakkane, Skjåk
Skjåk

Langrenn 6.7 km · 0.5 – 2 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt