Stand Up Paddle Boarding Padling

  • Photo: Startup Extreme

  • Photo: Outdoor Norway

  • Photo: Outdoor Norway

Essential info

  • January – December

About Stand Up Paddle Boarding

Stand-up-padling (SUP) er ein ny aktivitet på Voss. Det er enkelt å læra og moro for folk i alle aldrar. Ikkje minst er det også ein fin måte å utforska nærområdet frå vatnet på.

Ved leige av padlebrett gjev Outdoor Norway instruksjonar til dei som ikkje har prøvd det før, og alt av utstyr du treng er inkludert:

- Padlebrett og åre

- Flytevest

- Padlejakke ved behov

- Våtdrakt ved behov


Du må sjølv ta med:

- Badetøy

- Ull eller teknisk undertøy dersom det er kaldt

- Fottøy som kan bli vått (du kan óg padle barfot)

- Kleskift


Krav for å få leige:

- Min. 5 år ved padling med vaksen

- Min. 12 år for padling aleine

- Må kunne svømme

- Maks. vekt 120 kg

- Informer om medisinske tilstandar som astma, epilepsi osb.


SUP-brett kan leigast i all slags vêr, med unntak av ved sterk vind. Familiar med 2 vaksne og 2 eller fleire born får 10% rabatt på leige av SUP-brett.