Klimaparken og Kjelbreen Kulturminner

  • Foto: Johan Wildhagen

  • Foto: Johan Wildhagen

  • Foto: Johan Wildhagen

  • Foto: Magnus Snøtun

  • Foto: Johan Wildhagen

Viktig informasjon

Om Klimaparken og Kjelbreen

Klimaparken 2469 er etablert for å formidle opplevingar og innsikt om pågåande klimaprosessar. Ut av isen i norske høgfjell har det dei siste åra smelta fram kulturskattar frå ei fjern fortid. Klimapark 2469 formidlar ny kunnskap om arkeologi, natur og klima på nye og spektakulære måtar. Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde. Frå Juvass turisthytte er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar fram til Juvfonne. Der startar ein tunnel hakka ut i den 6 000 år gamle isen. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad. Ein kan også gå inn mot Kjelbreen til amfiet som er etablert der. Ein må bestille tur med naturvegleiar for å komme inn i istunnelen (klimapark2469.no). I 2013 var det urpermiere på ei operaførestilling på amfiet ved Kjelbreen. "Stemmen frå Mimisbrunnr" vart framført av mezzosopran Ingeborg Schübeler Gillebo.