Kyrkja

Jotunheimen

Topptur 3.5 - 5.5 t 4 km

Toppen ruver på veg innover Leirdalen -  spisst som eit kyrkjespir, slåande vakker. Den kan sjå både bratt og vanskeleg ut nede frå Leirvassbu. Men når du er på ryggen og tar steg for steg, går det overraskande greit. Det bratte partiet ikkje langt frå toppen, gir fin småklyving for alle som likar å gå toppar. Med kort anmarsj frå Leivassbu, og spanande oppstigning for barn som likar seg i høgda, har dette blitt ein populær tur også for barnefamiliar. Og utsikten står i stil med toppen, den er storslått.

Vegen opp gir seg sjølv i klarver. Først ryggen opp til Kyrkjeoksle før ein dreiar rett nord fra ca 1700 moh og følgjer ryggen vidare til toppvarden. Ryggen kan sammenliknast med Besseggen når det gjeld grad av luftigheit.

Vinterstid set mange att skia under toppen sidan han er så bratt. Av og til kan stegjern og isøks komme godt med.

Alternativ retur. Dei fleste velgjer samme vegen ned att. Men når ein kjem ned i sadelen mot Kyrkjeoksle, er eit fint alternativ å ta ut i vestsida og direkte ned til Leirvatnet og gå austsida av vatnet tilbake til Leirvassbu.

På 1800-tallet regna ein med at ingen ville klare å nå toppen på eit så dramatisk og bratt fjell. Sidan den gong har tusenvis av fjellfolk vore på toppen - dei yngste heilt nede i 6-7 årsalderen. Grensa for "umogeleg" har endra seg også i fjellheimen dei siste 200 åra.

Overnatting: Området har mange spanande turar du kan utforske med utgangspunkt Leirvassbu. lerivassbu@topofnorway.no / 61 21 12 10 el. 61 21 29 21

Live Andrea Sulheim
Live Andrea Sulheim
Live Andrea Sulheim
Dag Nordsveen

Likte du Kyrkja? Finn opplevelser i nærheten.

Leirvassbu, den ultimate basen for ski

7 - 9 t

12.7 km

Sokse

7 - 10 t

7.5 km

Høgvagltind

4.5 - 5.5 t

10.5 km

Langvatnet

2 - 4 t

6.4 km