Galdhøpiggen

Jotunheimen

Vandring 6 - 9 t 5.6 km

Det høgste fjellet i Noreg ruver over tindane rundt, og gjev ei fantastisk utsikt over Jotunheimen nasjonalpark. Galdhøpiggen er meir enn eit fjell - det er også eit symbol på forholdet mellom nordmannen og fjellet. Men sjølv om fjellet er det høgste i Noreg, er det ikkje utilgjengeleg.

Frå Juvasshytta
Enklaste vegen til toppen for folk i normalt god form. Frå Juvasshytta er det breføring over Styggebrean og opp til toppen. Retur same veg, eller ned til Spiterstulen. Dette er ein familievennleg tur som passar for turvande barn. NB! Det er 7-års aldersgrense på breføring over Styggebrean.

Frå Spiterstulen
Relativt enkel tur opp for folk i normalt god form. Dette er ein tur barn ned i 5-6 års alder klarer fint om turen blir lagd opp rett. Leirskolen på Spiterstulen tek med 6-7. trinn i skulen kvar uke. Motivasjon er stikkordet når ein skal gå med unge fjellvanderare for turen er ganske lang og ein bør rekne ein god dag. Frå Spiterstulen tar du stien vestover opp lia til Svellnose (2272 moh.) og over Keilhaus topp og opp til Galdhøpiggen. Stigen er nedst nyrenovert av sherpaer i 2010 på grunn av høg slitasje, og vi ber derfor folk følgje merkinga. På turen får du med deg tre toppar over 2000 meter! Retur samme veg eller ned til Juvasshytta.

Etter at turistar "oppdaga" fjellheimen på slutten av 1800-tallet, vart Galdhøpiggen raskt eit populært mål som det høgste fjellet. Etter å ha starta med føring frå Røisheim, bygde Knut O.Vole Juvasshytta i 1884. Og berre fire år seinare bygde han den første hytta på toppen av Piggen. Her er mildt sagt tøft klima og hytta har bllitt bygd opp att fleire gonger.

Magnus Snøtun
Marie Lier
Dag Nordsveen

Likte du Galdhøpiggen? Finn opplevelser i nærheten.

Spiterstulen, mer enn randonee

6 - 8 t

7.7 km

Spiterstulen

Galdhøpiggen via Tverråtindane

13 - 18 t

15.7 km

Vintereldoradoet Spiterstulen

6 - 7 t

18.1 km