Kvassryggen til Steinflytinden Vandring

  • Bukkehåmaren har mykje spannande å vise fram.

    Foto: Tor Erik Grønolen

  • Opp fra Leirungsdalen.

    Foto: Tor Erik Grønolen

  • Kvassryggen mot Høgdebrotet.

    Foto: Tor Erik Grønolen

  • Øvst mot Høgdebrotet.

    Foto: Tor Erik Grønolen

  • Toppglede.

    Foto: Tor Erik Grønolen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Jotunheimen
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Ekspert
  • Lengde: 20.5 kilometer (rundtur)
  • Stigning: 1,570 meter
  • Varighet: 10–12 timer

Om Kvassryggen til Steinflytinden

Landskapet er røft. Dette er ein stor tur. På ein dag skal vi over 3 eller kan hende 4 2000 meter toppar. Du startar vakkert i det grøne med å krysse Leirungsdalen ved foten av Knutshøe. Leirungsåne passerast på bru. Du fortset i same retning mot sydvest på stig mot Bukkehåmaran. Ein artig rygg med 3 hamrar og litt klyving. Vel opp møter synet deg. Forrevne tindar. Goldt. Isbre i botnen mot Eggen på andre sida. Og stein. Det går slakt oppover til Kvassryggen. Vi går over toppen og litt ned før stigninga langs egga opp mot Høgdebrotet. Det blir smalare oppover for øvst bare å gi plass til ein person. Luftig. Kribler litt i magen, men etter nokre tak er vi forbi det vanskelegaste. Nå er det nesten flatt fram til Høgdebrotets toppunkt. Vi fortset langs ein bua rygg med bre på begge sider. Terrenget stiger på ny og snart kjem vi til snøskavlen som rekker heilt opp til toppen. I varmegrader er dette ein hyggelig etappe ved at du kan sparke godt feste til føtene. Dei siste metrene bort til Steinflytinden byr på noe klyving. Herfra er det mogleg å ta seg vidare bort til Tjønnholstinden, som med sine 2331 moh er høgste toppen blant Gjendealpene. Det er klyving av varierende vansklighetsgrad. Vanskelege partier kan omgås ved å gå ned i sørsida.

Returen skjer ned Steinflytindens østrygg og over Steinflybreen som vi dag løper og sklir ned. Det er alltid befriande og fint for beina med desse snøfelta etter mange timer med vandring i steinlandskap. Fortsatt har vi et par timer framom oss.

Adkomst
Du parkerer bilen ved rv 51 på Vargbakken ved foten av Knutshøe.

Dette er ein tur med store utsyn i et lite trafikkert område. Grønolen Fjellgard guider denne turen, 6135 29 90 / gronolen@gronolen.no

Kart

Save and share

Se flere populære opplevelser

Knutshøe
Jotunheimen

Vandring 12.1 km · 4 – 6 t

Gjendehøe
Jotunheimen

Utsiktspunkt 1.3 km · 2 – 2.5 t

Natursti langs Gjende
Jotunheimen

Planteliv 2.1 km · 1 – 2 t

Munken
Jotunheimen

Vandring 18.9 km · 10 – 12 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt