Fjellbjørkeskogen i Vang

Planteliv 2 - 3 t 4.2 km

Legg i Favoritter

Fjellbjørka står standhaftig i vind og vær. Krokut. Individuell. Skulpturert. Den gir ly. Det er en god oppleving å gå der mellom bjørkene. Kanskje følgjer du eit gamalt tråkk?

Fjellbjørkeskogen dekker store område i Vang mellom 600 og 1000 moh. Fjellbjørka er i frammarsj. På grunn av klimaforandringer og endringar i bruken av fjellet, flytter tregrensa seg oppover år for år.

Fjellbjørkeskogen ligg nesten alltid i hellende terreng, og næringsrikt sigevann gir gode vilkår for planteveksten og dermed for dyra.

I fjellbjørkeskogen er det et stort artsmangfold. Trea står ikke så tett og kronene slipper fram lys, slik at mange gras og urter kan vokse her. Det gir godt beite for pattedyr som elg, hjort og hare. Lirype, orrfugl, ulike troster, finker og sangere hekker i fjellbjørkeskogen.

Vangsgjeldingene har alltid utnytta fjellbjørka til brensel. Uten denne ressursen hadde ikkje tidlegare tiders utvinning av myrmalm vært mogleg. For hundre år sidan var det meste av fjellbjørka nedhogd som følgje av intensiv utnytting til brensel til gards- og stølsdrifta. For å forenkle brenseltransporten var det vanleg å plassere heimestølene i fjellbjørkeskogen. Tuftene finner du i dag langs sti og hvert far.

Frå alle grender i Vang kan du gå fine turer gjennom fjellbjørkeskog. Tyinkrysset, Rødalen, Skakadalen, Helin, Syndin, Hugakøllen, Måneberg, Høre. Kikk på kartet og finn en stig. Her har vi valgt å presentere ein fin og variert rundtur om Måneberg som gir flott utsyn over Hensgardane.


Adkomst: Frå E16 tek du av i austenden av Vangsmjøsa, ved Hemsing bru, og køyrer fv 293 mot Hensåsen. Rett før Dalsbru over Rysna, tek du til venstre og køyrer vestover Ligardsvegen i 1,8 km, kor du parkerer. Her skal du følgje merka stig (kvite treklossar) til Måneberg, og vidare til gamle Remmisstølen. Herfrå rett nedover til grusveg som du følgjer nedover til Liagardsvegen. Derfra austover på asfalt i ca 0,4 km til bilen.

Dag Nordsveen
Dag Nordsveen
Dag Nordsveen

Likte du Fjellbjørkeskogen i Vang? Finn opplevelser i nærheten.

Kvenadn - Vennis

4 - 5 t

18.4 km

Kvenadn - Rysndalen

1.5 - 2 t

6.4 km

Hensfjellet på ski

2 - 4 t

4.9 km

Leirholshøgde

1.5 - 3.5 t

7.1 km