Vinjebue på Eidsbugarden Kulturminner

  • Foto: Tor Martin Iversen

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Lett
  • 0.4 kilometer
  • 30 meter
  • 0.1 timer

Om Vinjebue på Eidsbugarden

I 1868 fikk Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) bygd ei bu på felægret Eidsbu. I eit pantebrev døper han staden for Eidsbugarden.

Vinje var den fyrste turisten på Eidsbugarden, og gjennom sitt forfattarskap og sine vener gjorde han området kjent. Han var med å stifte Turistforeininga i 1868. Eit resultat av det blir Tvindehaugen som blir Turistforeininga si fyrste hytte i Jotunheimen, oppført på autsida av innsjøen Tyin i 1870, det året Vinje dør. Tvindehaugen ble i 1901 flyttet til Bygdin, der den utgjer ein del av Tofinnsbu. Minnestøtte er reist ved dei gamle tuftene av Tvindehaugen ved Tyin like ved bilvegen.

Skinneggen (Utsikten) var Vinjes favorittplass som han tok sine vener med til. Det var dei høge tindane i syningom som vakte begeistring. Vinje var den som tok i bruk Jotunheimen som navn på tindane han såg utover. Fortsatt er Utsikten eit populært turmål.

På dødsleiet i 1870, drøymer Vinje om Eidsbugarden: ”Kan du minnast utsynet frå Skjeneggen den morgonen, du? Då den kvite skodda dreiv burt millom Skagastølstindane og Koldedalsbreene lyste som gull i soleglansen! - Å jeie, å leie, at eg inkje skal koma dit i sumar…. Men når eg no er lagd i kista, so vil mi ånd slå upp sin heim der uppe millom fjelli, og so vil eg sitja der på Falketind og sjå utyver Norig, og fjellrandine skal stiga fram….” Og den 26. juli bryter han opp fra sykesengen med kurs for Eidsbugarden, men kjem ikkje lenger enn til Gran på Hadeland og døyr 30. juli. Falketind stod nok hjartet hans nær. Det var Vinje som fikk toppen omdøpt frå Køldedalstinden.

Vinjebue har skifta eigar fleire gonger. I 1953 fikk Helge Kr. Kvame bua flytta frå Eidsbugarden hotell sitt område, og eit par hundre meter nordover til der den står i dag.

I boka «Turhandbok Vang i Valdres» av Sigfred Hovda og Thor Østbye, kan du lese ei herleg historie om Vinjes båttur med vener frå Bygdin til Eidsbugarden i illver.

Adkomst: Frå E16, tek du av i Tyinkrysset mot Årdal og følgjer rv 53 i 4 km til Tyinvatnet, her tek du austsida av vatnet på fv 252 fram til Eidsbugarden. Parkering på høgre side av vegen ved Bygdins bredd.