«1000-meteren» på sykkelsetet Sykling

  • Foto: Ida Strømstad

  • Foto: Ida Strømstad

  • Foto: Ida Strømstad

  • Foto: Ida Strømstad

  • Foto: Ida Strømstad

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 17.4 kilometer
  • Elevation 220 meter
  • Duration 2.5–4 timer

Legg i favoritter

Om «1000-meteren» på sykkelsetet

Vegen frå Tyin til Øvre Årdal over Heirsnoisi blei åpna i 1934, og går også under namnet «1000- meteren». Vegen går i fjellsida i omlag 1000 meters høgd. Her og der er det særs bratt på sida ta vegen, og på eit punkt går vegen i tunnell. Det kan vera ganske spanande utan hodelykt, men vegen er jamn og det går fint å sykle mot lyspunktet i tunnellopniga. Synast du det er ugreit, er det berre å gå av sykkelen. Når du kjem ut av tunnellen ventar det deg etterkvart eit flott syn når fjella i Hurrungane viser seg mens du sykler. Her gjeld det å ha fullt batteri og tomt minnekort i kameraet.

På vegens høgste punkt 1020 moh, har du god utsikt mot det grøne Årdalsvatnet, Bøttejuvet, Hurrungane og Øvre Årdal. Ein fantastisk plass for matpakka. Herfrå bær det nedover. Fjellsida er bratt og vegen slynger seg i 40 svingar innan han møter Riksveg 53 nokre snaue kilometer frå sentrum i Øvre Årdal.

Utfordringa med å sykle heilt ned, er logistikken. Det er ikkje for alle å sykle attende same vegen. Eit alternativ kan vera å ta RV 53 opp att frå Øvre Årdal i staden for gamlevegen. Dette er rett nok ikkje so familievenleg, men ein moglegheit for voksne. Ein annan løysing er å sykle gamlevegen frå Tyin til høgste punkt på Heirsnosi, og deretter snu og sykle same vegen attende til Tyin. Eller ein kan ha to biler, ein i Årdal og ein på Tyin.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

«1000-meteren» på sykkelsetet kart