Høyr fuglekvitteret ved Tøso Fuglekikking

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november

Om Høyr fuglekvitteret ved Tøso

Edellauvskogtypen alm-lindeskog er meget sjeldan på det indre av Austlandet. Naturreservatet ligg sørvendt og lunt til og har eit godt lokalklima. I tillegg er jordsmonnet svært næringsrikt. Dette gir særs gode vekstvilkår for ei rekke sjeldne og næringskrevjande planter som veks i reservatet. Edellauvskogen gir hekkeplassar for ein rekke fuglar og 57 artar er registrert, blant desse er det spettar, trostar, songarar, meisar, og mange sporvefuglar. I tillegg er det noko hjort i skogen. Også mår, hare og ekorn er å sjå. Området har ingen inngrep, berre nokre få sauer beiter her. Stadige ras, stundom store både av stein/blokkar og is, fra overliggjande berg er med på forme dei øvre delane av reservatet der mykje skog kan bli lagt ned av enkelte ras. Dette gjør området risikofylt å ferdas i. Dessutan er reservatet stadvis svært bratt med ein del grov laus ur. I tillegg er delar av den eldre skogen tett og bratt, noe som gjer området vanskeleg tilgjengeleg.

Kart

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt