Kvenadn - Rysndalen Vandring

  • Buføring langs den gamle stølsvegen fra Hensgardane til Nefstadstøler i Rysndalen.

    Buføring langs den gamle stølsvegen fra Hensgardane til Nefstadstøler i Rysndalen. Foto: Thor Østbye

  • Best inntrykk av det storslagne landskapet får ein når ein går stølsvegen frå Nefstadstølen og ned til Sørre Hemsing.

    Best inntrykk av det storslagne landskapet får ein når ein går stølsvegen frå Nefstadstølen og ned til Sørre Hemsing. Foto: Thor Østbye

  • Eit årleg tekn på at våren er her er gaukens ko-ko. Du hører han frå slutten av mai til overgangen juni-juli.

    Eit årleg tekn på at våren er her er gaukens ko-ko. Du hører han frå slutten av mai til overgangen juni-juli. Foto: Thor Østbye

  • På høgste punktet med utsyn mot sør og Hugakøllen.

    På høgste punktet med utsyn mot sør og Hugakøllen. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 6.4 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 350 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Kvenadn - Rysndalen

Utgangspunktet ligg ved Øvrebygdvegen (Fv. 293) 1,8 km vestover frå Slettefjellbommen. Infotavle og skilt som viser til Måneberg og Nefstadstølen ved start. Turen går på den gamle stølsvegen til Rysndalen. Litt oppe i bakken går du gjennom ei grind og passerer tomter etter heimstølen i Sørre Hemsing. Stigen skrår oppover i nordleg retning. Eit stykke oppi bakkane kjem du til et vegskil med skilt som viser til ”Måneberg”. Der skrår du til høgre (nordaustover) (skilt ”Nefstadstølen”) og kjem til klopp over Hensåne. (Vil du ha ei rask oppstigning til Hensfjellet og Tjørobytta, tek du rett oppover når du er komen over åne. Det er ikkje merka eller rydda stig, men leia ”gjev seg sjølv” langs åne) Vidare går stigen i lett lende, passerer dei gamle stølstuftene etter Rotestølen, og snart opnar utsikta seg mot Rysndalen og Slettefjellet. Siste delen av stølsvegen går gjennom ei ”gøto” mellom to stølar. Der kan det sume tider vera blautt og sølut. Så er du komen til arbeidd veg. Herfrå kan ein så gå den arbeidde stølsvegen nedatt til bommen for Slettefjellvegen og vidare til utgangspunktet. Skulle du ynskje å gå motsett lei, kan du her ved skilt ”Nefstadstølen” setja frå deg bil og fylgje skiltinga ”Fylkesvegen/Møsåkerstølen”. Men vil du ha ein lengre tur, så er du no på starten til turen til Mjellknapp. Den turen kan du gjera så lang du vil. Du kan f. eks. gå til Tjørobytta og ta fjellryggen sørover og elles nyte høgfjellets ro. Dersom du fylgjer Hensåne nedover att, kjem du til kloppa du gjekk over på oppturen. Men der oppe på fjellet kan du velja å gå over Hensåne og skrå nedover i retning Haukeberg (1130 moh.) som ligg der, rund og triveleg nede i fjellsida. Der kan du nyte ei fin utsikt før du gjev deg i kast med Haukeberggile på vestsida, eller du går ned på austsida av Haukeberg. Båe leiene er bratte, men ufarlege. Går du så rett ned, kjem du ned på stigen Måneberg - Møsåkerstølen - Vennis. Tek du til venstre, mot søraust her, kjem du ned til utgangspunktet i Kveno (dativ av Kvenadn).

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Kvenadn - Vennis
Vang

Vandring 18.4 km · 4 – 5 t

Fjellbjørkeskogen i Vang
Vang

Planteliv 4.2 km · 2 – 3 t

Hensfjellet
Valdres

Skitur 4.9 km · 2 – 4 t

Leirholshøgde
Vang

Vandring 7.1 km · 1.5 – 3.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt