Kongevegen Høre - Laglim Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 7.2 kilometer
  • Elevation 240 meter
  • Duration 1–2 timer

Legg i favoritter

Om Kongevegen Høre - Laglim

Denne vegleia er den aller eldste som går gjennom bygda, like gamal som stigen som går frå Belsheim, gjennom skogen og til Hensgardadn. Men vegen du no skal gå, har etter kvart vorte rusta opp til ein slags kjerrevegstandard, og er no ein triveleg, grasgrodd turveg, ”spekka” med kulturminne. Så er du interessert i historie, er dette turen for deg. Det kunne skrivast fleire sider i denne boka om folk og hendingar langs vegen, men me skal halda på løyndomane til du byrjar å gå, for på 10 opplysningstavler vil du få fyrsteklasses informasjon.

Frå utgangspunktet Høre stavkyrkje går du vegen 400 meter gjennom Kviisgrende. Etter den siste garden på nedsida av vegen finn du skilt som viser ”Kongevegen”. Då er det berre å gje seg god tid og nyte turen. Når du er komen til det tiande punktet på vegen, er du komen åt Ljøsno, til restane etter residensen til tjuveradden Arnfinn i Bakka. Men her er du på ein måte komen til vegs ende, for kongevegen vidare frå vestenden av Laglim er delvis ”opparbeidd” og innlemma i dyrka jord.

Denne Arnfinn var nok ikkje velsedd i bygda pga. sin noko uryddige livsførsel. Han var sambuar med ei av døtrene til den berykta Brekke-enkja og fekk mange ungar med henne. Plassen Ljøsno fekk på folkemunne det lite trivelege namnet Helvete. Så hende det tragiske for familien at hushytta deira brann ned. Dermed fekk bygdefolket ein grunn til å hjelpe dei med amerikabillett. Då heitte det seg at helvete hadde brunne og Fa`n var reist til Amerika. Då håpa nok folk på betre tider.

Før du forlet denne plassen, må eg fortelja deg historia om sjøormen som var i Laglim ”i gamle dagar”. Denne ormen hadde fått det for seg at det var noko einsamt her i Laglim. Kanskje var det ein gamal ungkar som hadde vorte att her og hadde vokse seg urimeleg stor. Kva veit vel eg om det? Men han ville altså prøve å få ei forandring på sitt kjedelege liv, og kanskje prøve å finne seg ein ektemake. Men det skulle få katastrofale fylgjer. Han måtte fylgja vassvegen ut or Laglim, so difor kraup han nedover bekken som du ser renn her. Men så hende det tragiske at han sette seg bom fast mellom to steinar i bekken. Han kom seg ikkje laus, og sola steikte og svolten gnog. Etter lang seigpining ebba livet ut.

Så blir det fortalt ”i folketradisjonen” at denne ormen låg der og rotna utover sommaren. Det vart ei lukt så forferdeleg at folk grua seg for å gå framom på vegen. Ja, so seier soga.

Men for å koma deg herfrå har du tre moglege vegar:

1. Du kan gå nokre meter attende til ”nr. 9”. Der går det stig oppover på austsida av vatnet og fram til den kommunale badeplassen ved Laglim. Nokre meter før badeplassen, langs ein ørliten bekk, veks mykje gulsildre og høge, flotte kongsspir. På badeplassen kan du raste og ta deg ein dukkert i det varmaste badevatnet me har å tilby i Vang. Så går du vegen som fører deg opp til fylkesvegen.

2. Du kan gå kongevegen attende til Høre.

3. Du kan gå vidare på Kongevegen på sørsida av Laglim til du i vestenden kjem inn på den arbeidde stølsvegen. Der tek du til høgre, og du kjem oppatt på fylkesvegen. Der har du kanskje ordna med bilskyss?

Om du ikkje får oppleva sjøormen i Laglim, så kan du, om du brukar kikkert, studere nokre av vassfuglane her, som kan vera stokkand, krikkand, brunnakke, kvinand, toppand, laksand, raudnebbterne, hegre, raudstilk, gluttsnipe, enkeltbekkasin og strandsnipe. Mange av desse finn mat i vassvegetasjonen langs strendene, der det veks storr, tjønnaks, piggknapp, botngras og nøkkeroser.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen