Fleinsendin Vandring

  • Beitedyr i området ved Sleipestølen.

    Beitedyr i området ved Sleipestølen. Foto: Ingrid Asheim Hennum

  • Sleipestølen ved Fleinsendin.

    Sleipestølen ved Fleinsendin. Foto: Ingrid Asheim Hennum

  • Det er aktiv støling i området.

    Det er aktiv støling i området. Foto: Ingrid Asheim Hennum

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 5.7 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 50 meter
  • Varighet: 2.5–3.5 timer

Om Fleinsendin

Dette er ein triveleg rundtur i lett terreng. Vi vel Sleipestølen i nordenden av vatnet som startpunkt. Som du ser er dette eit svært så idyllisk og fint stølslag.

Frå austsida av Sleipa, som renn gjennom stølslaget, går du merka stig sørover langs vatnet (skilt ”Turstig”). Stigen fylgjer vasskanten og bøyer etter kvart austover under Fleinsendberge. Når du nærmar deg austenden av vatnet, Sandvike, kjem du inn i frodig fjellbjørkeskog med høgstauder i skogbotnen. På høgre sida, mellom stigen og vasskanten, vil du, ca. 600 m før du kjem til Sandviken, sjå to groper i terrenget. Det er antakeleg kolgroper. Endå litt nærare Sandviken ligg like ved stigen på høgre sida, ei tydeleg tomt etter eit høveleg stort hus. Denne tomta er eit mysterium, for ”tradisjonen” fortel ikkje noko om at det skal ha vore støl her i gamal tid. Ei kolgrop ligg 30 m vest for tufta.

Er det varmt i veret og freistinga skulle bli stor, er det her på sandstranda i vika ein ypparleg badeplass. Fine rasteplassar finn du langs heile ruta.

Til på 1780-talet rann åne ut her og ned den ville Kælvedalen som stuper bratt ned mot aust, men under flaum og oppdemming av snømassar braut åne seg nytt leie frå sørenden. I det gamle faret, 30-50 meter frå vasskanten, finn  du fleire svartdjupe jettegryter som åne har forma gjennom årtusena. Desse grytene har fått namnet Signiskjelldaradn. Sagnet fortel at ei tjuvut kjæring som heitte Signe Leirhol stal og slakta sau der i området, og jettegrytene brukte ho til å kvitte seg med skinn, klauver og innvollar. Grytene er 5-6 meter djupe.

Dersom du har tid og lyst, kan det vera interessant å gå nedover det gamle faret, forbi det vesle tjednet og vidare til du står på kanten av den ville og sagnomsuste Kælvedalen der bonden i Skrebergo hadde løer og utslåttar.

Frå Sandviken og sørover er ikkje stigen merka, men hyttefolka her har laga tydeleg stig (traktorveg) som er lett å finne. Til høgre og vestover ligg Skjenarøddadn som ei halvøy inn i Fleinsendin. Dette er eit våtmarksområde, og i siv-tjedno her held både raudstilk, gulerle og laksand til. Etter å ha passert Skjenarøddadn, vil du finne eit par fine sandstrender, ypparlege til rasting og bading. Ved desse sandstrendene er det funne steinalderbuplassar, men dei er vanskelege å finne i dag. (Også på vestsida av vatnet ligg fleire slike buplassar.) Vidare fylgjer du stigen over myrane til du er nede på Slettefjellvegen. Der hadde det sjølvsagt vore fint å ha bil ståande, eller ha avtale om henting. For den arbeidde stølsvegen attende til Sleipestølen kan sjølvsagt kjennast lang, om det er aldri så vakkert landskap du går gjennom.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Vegabekken

Vang

Vandring 5.1 km · 1 – 2 t

Ole - Yksendalsbue

Vang

Vandring 13.1 km · 3 – 6 t

Sist oppdatert:

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt