Tyinhølmin - Slettningsbu Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Vanskelig
  • Distance 19 kilometer
  • Elevation 580 meter
  • Duration 5–6 timer

Legg i favoritter

Om Tyinhølmin - Slettningsbu

Køyr 2,8 km forbi Tyinhølmin langs anleggsvegen inn i Køldedalen til 100 m etter fyrste brua over Køldedøla. Parkering langs vegen let seg gjera. Eit skilt viser at du no skal inn i Utladalen landskapsvernområde. Fylgj T-merking og skilting mot Slettningsbu. Stigen går i lett kupert til flatt heilandskap med småmyrar og vier, men mest opne fjellheier med fin utsikt over Tyin (1083 - 1073 moh) og landskapet omkring. På vestsida reiser Breikvamsnøse (1712 moh) og Tyinegge (1481 moh) seg mot himmelsyn. Du passerer på austsida av Trøllsjøen (1096 moh.), og er du heldig, kan du få sjå storlom her. Elles er dette eit godt rypeterreng, og nokre vadefuglar hekkar her. Stigen går på nordsida av Fonnkloppegge (1270 moh). Ta gjerne ein avstikkar opp for å nyte utsikta over Tyin. Stigen skrår no nedover mot Breikvamåne, og resten av turen går sørover langs Tyin. Ca. 1 ½ km frå Tyinosen går du ut av landskapsvernområdet og kjem etter kvart til vestenden av Tyin. Vidare fylgjer du ein traktorveg rett under demninga, til Rv. 53 til Årdal. Gå denne eller gamal veg på nordsida parallelt med riksvegen ca 900 meter til austenden av Torolmen, kor det går merka stig vidare til Slettningsbu.

Ynskjer du å sjå tre fine reinsgraver med ledegjerde på turen, så stopp 2,5 km etter krysset ved Tyinhølma eller 200 m før fyrste brua over Køldedøla. Der vegen er oppbygd over eit terrengsøkk, står ei dobbelmast ca. 50-60 m aust for vegen. Fylg ryggen frå mastene til ca. 20 m frå høgste regulerte vasstand. I ei grop på ein haug her er fyrste grava, andre ligg 20 m høgare oppe på ei høgde, og den tredje er plassert endå 20 m høgare opp, aust på ryggen. Ei fjerde grav kan ein sjå ved låg vasstand i Tyin rett utanfor dei tre andre.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Tyinhølmin - Slettningsbu kart