Utsikten - Skjenegge Vandring

  • Utsyn mot Eidsbugarden og Jotunheimen frå toppen.

    Utsyn mot Eidsbugarden og Jotunheimen frå toppen. Foto: Martin Hauge-Nilsen

  • Utsyn mot Tyinholmen og Hurrungane frå toppen.

    Utsyn mot Tyinholmen og Hurrungane frå toppen. Foto: Martin Hauge-Nilsen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 7 kilometer (A til B)
  • Stigning: 460 meter
  • Varighet: 1–2 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Utsikten - Skjenegge

Rett aust for Tyinhølma ved info-tavle startar den godt opptråkka og merka stigen og går i jamn stigning til utsiktspunkt 1491 moh. Her opnar det seg flott utsikt over heile Tyinområdet, innover Jotunheimen og mot Eidsbugarde. Vidare går merka lei nordaustover, ned ei skråning, over ein liten rygg og opp ei lita stigning til du møter stigen frå Eidsbugarde litt nord for punkt 1518 moh.

Stigen frå Eidsbugarde startar ved parkeringsplassen rett på austsida av vegen for den betjente turisthytta Fondsbu (1065 moh). Fylg i starten DNT-merka stig mot Yksendalsbue. Etter litt over 1 km (20 min) tek du av til høgre, rett sørover. Stigen blir noko brattare opp mot fyrste utsiktstoppen, (like før stigen frå Tyinhølma møter stigen frå Eidsbugarde). Dette punktet som ligg på 1485 moh har minst like god utsikt som topp 1518 moh litt lengre innpå, som har fått namnet Utsikten. No kan du anten ta den merka leia skarpt til høgre mot Tyinhølma, gå attende same leia til Eidsbugarden, eller fylgja umerka stig rett fram, over eller forbi topp 1518 moh og vidare innover Skjenegge på stig som etter kvart blir borte. Leia vidare er likevel grei dersom du vil opp på Skjenegge eller endå lengre. Her går du i Vinjes fotspor. Dei meiner Skjenegge har fått namnet fordi kveldssola skin så flott på dette fjellet.

Er ein heldig får ein sjå sjeldne fuglar her oppe, som boltit og fjellerke, og meir vanlege som snøsporv, steinskvett, heipiplerke, fjellvåk og tårnfalk. Småflokkar av tamrein ruslar og i terrenget, og om våren blomstrar mogopen her.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Plantetur i Jotunheimen nasjonalpark
Vang

Planteliv 12.8 km · 5 – 6 t

Vinjebue Eidsbugarden
Valdres

Kulturminner 0.4 km · 0.1 t

Vinjebue på Eidsbugarden
Vang

Kulturminner 0.4 km · 0.1 t

Utsikten
Valdres

Vandring 3.8 km · 1.5 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt