Sulebu - Kljåen Vandring

  • Suletinds karakteristiske profil til høgre i biletet.

    Suletinds karakteristiske profil til høgre i biletet. Foto: Thor Østbye

  • Tamrein har basisområdet sitt mellom Filefjell og Gol.

    Tamrein har basisområdet sitt mellom Filefjell og Gol. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 17.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 310 meter
  • Varighet: 5–6 timer

Om Sulebu - Kljåen

Sjå turen «Nystøga-Sulebu» når det gjeld etappa E16 til Sulebu. Sjå turen «Skakadalen-Kljåen» for returen frå Kljåen til Vang sentrum. Sjølv om turen er lang, er han lite slitsam sidan han går i lett terreng, i retning søraustover. Hald eit auga etter tamrein som er vanleg i området sommarstid. På varme dagar finn du dei helst på snøfenner og brear der varmen og insektene er mindre plagsame. Etter ei lita stigning aust for Øvre Sulevatnet går stigen vidare i småkupert terreng. Mot sør ragar Høgeloft opp med sine 1920 meter, den nest høgste toppen i Sør-Noreg sør for Jotunheimen. Snart ser du ned på Sulevatnet (1420- 1413 moh) og Sulemarkidn der dei har funne 12 fangstplassar frå steinalderen. Ti av desse ligg langs nordsida av vatnet. Dei eldste er omlag 8000 år gamle, og fangstfolket har halde til her i fleire tusen år og hausta av fjellets overskot av vilt og fisk. Kanskje var dei lykkelege og hadde det bra? Ved Fossegrovtjednet (1475 moh) går ei bratt snøfonn rett ned i vatnet. Gå litt forsiktig der! Det er ein fordel med godt fottøy, og kanskje ein vandrestav? Like etter vatnet passerer du kommune-/fylkesgrensa. (Frå no av er du prisgitt hallingane!!) Stigen går no bratt ned Fossegrovskaret. Herfrå er det mest unnabakke, men temmelig drugt ned til Kljådalen, fjellbjørkeskogen og den ubetjente hytta som turistforeininga tok over i 1963.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Buaknuppen
 

Vandring 8 km · 7.5 – 8.5 t

Svarthetta
 

Vandring 3.1 km · 3.5 – 4 t

Ranastongi
 

Vandring 6.5 km · 6 – 6.5 t

Skakadalen - Kljåen
Vang

Vandring 13.8 km · 5 – 6 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt