Kyrkjistølen - Maristøga Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 10.6 kilometer
  • Elevation 360 meter
  • Duration 3–4 timer

Legg i favoritter

Om Kyrkjistølen - Maristøga

Lenge før det fanst skriftlege kjelder, har ferdselsvegen mellom aust- og vestlandet gått over Filefjell, og den vart rekna som den tryggaste fjellovergangen.

Sommarstid vart dei reisande frakta over fjellet på hesteryggen, og om vinteren gjekk skysskarane på truger og drog dei reisande på kjelkar. I starten var det berre kongen og adelsfolk som hadde rett til slik skyss. Bøndene i bygda vart utkommanderte til dette arbeidet, og dei måtte også vedlikehalde vegen. På grunn av denne plikta slapp dei med halv skatt.

Trafikken mellom aust og vest auka, og særleg vinterstid kunne det vera svært vanskeleg å ta seg over fjellet. Kongen bestemde difor at det skulle opprettast fjellstøgo, der dei reisande kunne søkje ly og få kvile og overnatting. Den eldste fjellstøga ein veit om i vårt distrikt er Maristøga, som har historie attende til 1300-talet, då plassen heitte ”Helge Ivarsons salustofa uppi á Borgund” seinare ”Margaretastofa á Filefjelli” (eller ”Margrethestuen”).

På slutten av 1700-talet vart Kongevegen rusta opp til kjerreveg. Vegen var i bruk i tidsrommet 1793-1843.

Vegstrekninga, som går høgt til fjells, var verhard og utsett, så i 1830/40-åra vart Filefjellvegen omlagd, og den bratte høgfjellsleia frå Kyrkjistølen til Maristøga vart ikkje lenger nytta. Den nye vegen vart lagt gjennom Smeddalen, som var ei lunare og lettare lei å ta seg fram på.

Turen, er ein ypparleg familietur.
Nokre meter aust for Kyrkjistøle står det skilt ”Kongeveg 1793”. Her kjem du inn på den godt bevara delen av den gamle vegen som går herifrå Kyrkjistøle sørvestover, over Sula og i store svingar gjennom bjørkeskogen, før den rettar seg ut og går oppover fjellet.

Oppe mot Mureklopphaugen (ca. 1200 moh), står stiftsdelestøtta i marmor som den PR-kåte vegbyggjar C. J. Hammer bestilte frå København som eit monument over seg sjølv og verket sitt. Støtta kosta 245 riksdalar. Det var like mykje som tre årsbudsjett for Filefjellvegen. Støtta vart flytta ned til dagens E-16 ved Fillestølen i Smeddale i 1932, men flytt attende i 1973 til sin opprinnelege plass i stiftsdelet mellom Aggerhuus og Bergens stift, som låg ca. 800 m lenger vest enn dagens fylkesgrense.

På toppen av bakkane svingar vegen sørover, til det høgste punktet på 1250 moh. Her er det ei fantastisk utsikt til toppane i Jotunheimen. Suletinden (1780 moh.) ruvar over fjella omkring.

Vidare går vegen nedover dei sju bratte bakkane mot Maristøga. Desse bakkane vart kalla ”dei sju skuffelsar” fordi den som kom frå Maristøga og skulle over fjellet, stadig vart ”skuffa” over at det var endå ein bakke. På ein stor stein i den siste bakken, Jacobsstigen, har den same Hammer arbeidd på sin ”udødelighet”. ”Denne Wei er anlagt af C. J. Hammer i 1790 (generalveimester i Bergens Amt)” står det hogd inn i berget.

Og så er du nede ved Maristøga, og eg vil tru du har hatt ein fin tur over fjellet. Har du sjekka bussrutene før turen, treng du kanskje ikkje vente lenge på skyss attende til Kyrkjistølen?

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Kyrkjistølen - Maristøga kart