Kyrkjistøle - Støgonøse

Topptur 1.5 - 2.5 t 7.5 km

Kyrkjistølen, St. Tomaskyrkja. Gangtid opp: ca. 2 t. Turen er merka.

Men før du legg ut på turen, kan det kanskje vera av interesse å sjå seg litt rundt på Kyrkjistøle? Der har me for det fyrste den nye St.Tomaskyrkja som vart innvigd i 1971. Nokre meter vest for kyrkja ligg tomta der gamlekyrkja stod. Nokre meter endå lenger mot vest ser me restane etter eit mislykka forsøk på å reisa kyrkja att på 1920-talet. Arbeidet stoppa opp etter ein bitter strid om det skulle byggjast ny stavkyrkje, eller om det skulle bli ein ”steinkatedral”. Eit stykke vestanfor kyrkja ser du eit steinsel. Det var overnattingshuset til prest og klokkar når dei var her og skulle ha messe på syftesøkdagen (2. juli). Selet vart restaurert til innviinga av nye kyrkja. Det er og funne to steinar med ristningar av ukjent alder og tyding her. På ein stor stein 13 m vest for vegen opp til kyrkja, og 2 m sør for gjerdet på Kyrkjistølen. På austsida av vegen til kyrkja står eit raudt sel med to dører. Seks meter frå søraustveggen står ein stor stein med 4 ristningar, to sirklar og to strekar. Desse er vendt mot nordvest.

Men så attende til turen. Fylg kvitmerka stig på austsida av steinselet og åne. Du kjem inn på gamal veg, etter 6 -7 min gonge. Fylg vegen nokre meter og ta av denne til høgre og fylg kvit V-merking etter ryggen mot Sørre Kyrkjistølsnøsen (1283 moh). Stigen går på nordsida av toppen, så vil du sjå utsikta mot Kyrkjistølen må du gå av stigen og ut til toppen. Stigen går vidare austover med ”luftig utsikt” utover Kyrkjistølen og Kyrkjistølsmyradn, Sulelie, Hammarstøllie og innover Filefjell. Ved Nerre Vesleskartjednet (1256 moh) kjem det stig opp frå Nystøgun langs bekken. Vidare går stigen oppover i lett terreng til toppen, med fantastisk utsikt ned mot Nystøga og Otrøvatnet og til tinderekkjer på alle kantar.

På toppen står eit merkeleg byggverk, og lenge var det uklart kva dette hadde vore brukt til. Sume meinte det var tyskarane som hadde bygt det under krigen, men det viste seg å vera av nyare dato då Sigrid Nystuen, ”eigaren av Filefjell”, fekk interesse for å ta vare på byggverket. Det er ein observasjonspost frå ”den kalde krigen”, bygd fyrst på 1950-talet av luftheimevernet, og på den tida med proviant og utstyr som ein slik plass måtte ha. Det var til og med eiga telefonline ned til Nystøga.

Thor Østbye
Dag Nordsveen
Thor Østbye

Likte du Kyrkjistøle - Støgonøse ? Finn opplevelser i nærheten.

Kyrkjistølen - Torolmen

4 - 5 t

15.4 km

St. Thomaskyrkja

Kyrkjistølen - Sulebu

2 - 2.5 t

8.2 km

Kyrkjistølen - Sletterust

3 - 5 t

13.5 km