Jørungilknappen Vandring

  • Utsynspanoramaet frå Jørungilknappen, frå venstre Hestebøtten, Rankonøse, Smådalsfjellet, Helin og Gilafjellet (Syndisfjellet).

    Utsynspanoramaet frå Jørungilknappen, frå venstre Hestebøtten, Rankonøse, Smådalsfjellet, Helin og Gilafjellet (Syndisfjellet). Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 6.7 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 610 meter
  • Varighet: 2–4 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Jørungilknappen

Køyr til toppen av Smådalsfjellet. Parker på ein av dei små naturlege avkøyringane.
Dette er ein lett tur, for det meste på gras og lyngmark, men stein og ur høgast oppe.

Turen er ikkje merka, men leia er ikkje til å ta feil av. Fylg ryggen søraustover og nyt utsikta mot Helinområdet og fjella i nord og vest. Du kryssar gamle stølsvegen til Smådalen og Storlien etter 15-20 min gonge,  og etter ca ½ t (2 km) er du ved Hallingsteinen. Dette er ei stor flyttblokk som isen nok har lagt frå seg her for nokre tusen år sidan. Sagnet fortel at ein halling på veg til eller frå Vang kom ut i eit frykteleg uver, men berga livet her i ly av steinen. Denne hendinga skal ha gjeve han namnet Hallingsteinen.

Fylg så ryggen vidare med ”blikket vendt” mot Jørungilknappen. På slutten, når du går ut av fyllittbergartane og over på den harde og næringsfattige granitten på ca. 1600 moh, er det mykje grov ur. I tillegg til alt det du har sett før på turen, har du no storarta utsikt austover Slidrefjella, og dersom du no har med deg kikkert, vil du kunne studere dei mange fine stølsgrendene til slidringane.

No er ikkje vegen lang, ca. 15 - 30 min, bort til Gråskarvet som er høgste punktet. Utsikta er det ikkje råd å klaga på.

Alternativ rute
Eit stuttare, men brattare alternativ som kan nemnast, er frå Kvitehaugen ved Movatn. Hit kjem du ved å køyre 12 km frå Syndisstøga og følgje skilting mot ”Strø - Kvitehaugen” til krysset på Kvitehaugen. Hald til høgre mot ”Køltjednet” og parker på andre sida av dei to bruene. Stigen fylgjer meir eller mindre Åksleåne oppover. Det er mange små fotogene føssefall oppover. Fyrst går du slakt oppover i beiteområdet, så brattare gjennom bjørkeskog og open hei før stigen etter kvart blir borte i stein og ur, og du vel sjølv leia mot den av toppane du vil opp på.

Ved Hallingsteinen har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Hulabaksteinen
Vang

Vandring 0.8 km · 0.2 – 0.5 t

Traneskrik på Øynadn
Vang

Fuglekikking 2.5 km · 2 – 2.5 t

Vabakko
Vang

Vandring 3 km · 0.2 – 1 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt