Skakadalen - Kljåen Vandring

  • Haustprkt i Skakadale.

    Haustprkt i Skakadale. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 13.8 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 750 meter
  • Varighet: 5–6 timer

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Skakadalen - Kljåen

Køyr av frå E-16 midt på Bøaflato, ca. 100 m aust for Vang Kro, ved skilt ”Skakadalen 8”. Etter 400 m tek du til høgre og køyrer 700 m til bom. Etter 6,5 km står det skilt til Kljåen på sørsida av vegen, ca 200 m etter fyrste støl på Bøastøladn. Du startar med ein god motbakke. Ca. 300 høgdemeter må du gjera unna før du i 1200 meters høgde bør ta ein kvil for å nyte utsikta over Skakadalen. Herfrå går stigen meir i vestleg retning, men leia kan vera litt vanskeleg å finne særleg i dårleg ver, fordi T-merkinga er satt opp sør for der den opptråkka stigen går. Dette truleg for å unngå ei stor snøfonn. Der den merkte leia går, er stigen dårleg, og det er langt mellom vardane. Etter passering av grasbakkane er stigen tydlegare att nedafor Sauehaugen. I området Hamarskredtjednet - Nevreskartjednet på stigens høgste passasje, ca. 1460 moh, i grenseområdet mellom Vang og Hemsedal, går stigen mange stader i blokkmark og ur. Herfrå går stigen etter kvart bratt nedover Nevreskaret, ca. 400 høgdemeter, til den frodige Kljådalen og den sjølvbetjente turistforeningshytta Kljåen (990 moh) som vart opna i 1963.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Buaknuppen
 

Vandring 8 km · 7.5 – 8.5 t

Svarthetta
 

Vandring 3.1 km · 3.5 – 4 t

Ranastongi
 

Vandring 6.5 km · 6 – 6.5 t

Skjøld
Vang

Vandring 8.6 km · 1.5 – 2 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt