Uksestigen til Bergsfjellet Vandring

  • Living on the edge. 1000 meter nedanfor ligg Vangsmjøse.

    Living on the edge. 1000 meter nedanfor ligg Vangsmjøse. Foto: Eirik Høyme Rogn

  • Varden på toppen

    Varden på toppen Foto: Halvor Eggen Pettersen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 9 kilometer (rundtur)
  • Stigning: 950 meter
  • Varighet: 1.5–2 timer

Om Uksestigen til Bergsfjellet

Du tek av frå E-16 ved Vang Auto-Service, skilt ”Skakadalen 10”, og køyrer Stele-vegen forbi gardane og til avkøyring til Vårheim, (ca 600 m ovafor bomkassa). Parker i avkøyringa etter ca 10 m på venstre side av vegen til Vårheim. Fylg merking og skilt til ”Uksestigen – Bergsfjellet”. Så fylgjer du traktorveg på nedsida av Vårheim nokre hundre meter til eit stigkryss. Her kan du anten fylgja merkinga langs Uksestigen opp til venstre, eller du kan fylgja skilt ”Utsiktspunkt” som viser til eit punkt med flott utsikt utover Vang, der folka i Stelegardadn heilt frå gamal tid har hatt jonsokfeiring. Når du har fryda deg over utsikta, går du nokre meter attende og fylgjer merkinga vidare, forbi gamal løe, til du kjem inn på ”Uksestigen” att. Fylg merkinga vidare gjennom lauvskog i jamn stigning. Etter at bjørkeskogen tek slutt, og i 1250 meters høgde er du komen til opninga i steinmuren som blir kalla ”Ukseporten”. Der bør du ta ein god kvil og nyte den fantastiske utsikta. Når det er gjort, vandrar du innover Uksebøtten der uksane hadde sitt sommarparadis. (Paradis og paradis!! Det fanst ´kji ei kyr der.)

Når du no er komen så høgt, og har brukt så mykje energi, og kanskje har dagen for deg, burde du absolutt gå vidare oppover til høgre, i nordaustleg retning langs fjellryggen til utsiktspunktet 1422 moh. Skulle tid og krefter framleis vera ”på di side”, er ei vandring langs kanten av stupet i nordvestleg retning absolutt å tilrå. Etter kvart opnar utsikta seg mot Øye. Du kan når som helst avbryte turen og vende attende til utgangspunktet gjennom Uksebøtten.

Av fuglar du kan møte høgt til fjells på turen, er steinskvett, snøsporv og fjellrype dei mest vanlege, og har du skikkeleg flaks kan du til og med oppleva at ei kongeørn siglar over hovudet ditt. Av plantar kan du finne teppe av issoleie, blålyng, fleire sildreartar og klasar med bleikmyrklegg.

På Bergsfjellet har Vang Turlag ei turkasse med klyppekort og gjestebok for «Turtrimmen 2017-2019».

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Vangsmjøsa rundt

Vang

Sykling 44.3 km · 2 – 5 t

Fugleberg - Steinsvoll

Vang

Vandring 3.1 km · 0.2 – 0.5 t

Vangsteinen

Valdres

Kulturminner

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt