Øylo - Hugastølen - Liavegen Vandring

  • Spanande stig opp frå Øylo. Belsheimåsen midt i biletet.

    Spanande stig opp frå Øylo. Belsheimåsen midt i biletet. Foto: Thor Østbye

  • Frodig og urørt.

    Frodig og urørt. Foto: Thor Østbye

  • Gulsildre lyser opp.

    Gulsildre lyser opp. Foto: Thor Østbye

  • Fjell-lok. En sjeldan plante i Vang.

    Fjell-lok. En sjeldan plante i Vang. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 10.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 590 meter
  • Varighet: 1–1.5 timer

Om Øylo - Hugastølen - Liavegen

Dette er ein gamal støls- og turistveg som var mykje brukt i gjestgiveriets ”velmaktsdagar”, frå 1880-talet til omlag midten av det neste hundreåret. Det var fyrst og fremst ein snøggveg for folka på garden, og mykje mjølk og andre stølsvarer har tenestfolk i Øylo bore nedover brattbakkane i åras løp. Men det var også ein populær veg for turistane i Øylo, og endå til frå Løken hotell kom det skyss med folk som traska stigen heilt opp på Hugakøllen. Det var nok ein drug tur med harde stigningar, så dei var kanskje både stive, støle og slitne når dei kom ned att, endå om budeia på Øylostøle hadde traktert med stølsmat både på opp- og nedtur. Nord for Øylo tek det av ein veg ned mot dammen i Øyloose. Du køyrer nokre meter inn på den vegen og parkerer litt til sida så du ikkje stengjer vegen. Like på oversida av E16 vil du sjå info-tavle og sidan kvite klossar som losar deg rette vegen oppover lia. Det blir brattare og brattare, og snart lurer du på om dei kunne koma fram her med kyr og kløvhestar. Nei, det gjekk nok ikkje. Dei hadde ein lengre veg når dei buførde eller henta budråtten (ost og smør) med kløvhest. Langs bekkedrag vil du finna gulsildre, orkidéen grønkurle, og for Vang ei litt uvanleg bregne kalla fjell-lok som luktar blåsyre når du gnir på blada, og på enkelte mosegrodde steinar langs stigen finn du orkidéen knerot i juli/august. Når du har sveitta deg opp bakkane, kjem du etter kvart inn i ein lun og triveleg dal, og snart ser du dei gamle stølshusa framfor deg. Stigen går fyrst forbi gamle Kvamsstølen som blir teken vare på endå om dei har støl litt lenger nede på flata no. Du går gamle gøta vidare og kjem til Øylostølen, som i skrivande stund diverre er noko til nedfalls. Er du framleis like sprek, har du her fleire alternative turar å skøyte på med. Du kan til dømes gå Ala rundt, eller du kan ta den vesle avstikkaren på 10 min bort til dei rare Alasteinadn. Hugakøllen er nær og ein alternativ tur når du fyrst er på Hugastølen. Når du kjem nedatt frå Hugakølle, kan du gå vestover der skilt viser gamle stølsvegen ned til Kvam. Så kan du gå ned til Kvam, eller du kan ta til høgre når du kjem ned i gamle Kongevegen og gå den ned til Neset. Dersom du vil koma nedatt til utgangspunktet, men gruar deg for dei bratte bakkane, kan du fylgja den arbeidde stølsvegen nedatt. Han er lengre, men leitar mindre på lår og støle hasar, og i tid er han nok raskare. Men, så er det noko som heiter Liavegen. Dersom du vel å gå sistnemnde veg nedatt, kan du 100 m nord for parkeringsplassen ved Hugastøle fylgja skilt ”Liavegen” austover ned mot Ala. Denne vegen vart og kalla Saltmannvegen, for folk måtte til Lærdal for å få seg salt i gamle dagar. Slidringar og folk utover Valdres brukte denne vegen som gjekk på baksida av Hugakølle og kom nedatt i hovudsoknet, for så å ta innover Skakadalen og vestover til Filefjell. Då slapp dei problemet med ferje i Leirholssundet. Men den stubben av vegen som du får glede av, går frå parkeringsplassen og over Ala, lett å hoppe på steinar utanom flaumperiodar. ”Vegen” er brei og fin og snor seg lett nedover bjørkeskogen som etter kvart går over i granskog. Når du kjem til skiltet ”Alagile” høyrer du duren frå føssen, og vil du sjå nærare så er det berre å gå ut på kanten og kike ned i juvet. Etter ca. ½ times gonge er du inne på stølsvegen att eit stykke nede i lia. Du kan og fylgja Liavegen vidare søraustover, sjå skilt, (på andre sida av stølsvegen). Då kjem du etter eit kvarters gonge inn på merka stig mellom Tumleøygarde og Tveitastølo. Langs delar av traséen vil du finne mykje av den anonyme orkideén småtveblad, kvite ”teppe” av den svakt parfymeduftande planta olavsstake og oppleve mange barskogsfuglar.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Laglim & Føsseberget

Vang

Terrengsykling 5.7 km · 0.5 – 1.5 t

Norsvinsfjorden

Vang

Sykling 5.4 km · 0.5 – 1.5 t

Langs Ala

Vang

Vandring 6 km · 1 t

Hugakøllen

Vang

Vandring 1.7 km · 1 – 3 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt