Vennis - Sandalen Vandring

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Ole Gjevre

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • januar – desember
  • Medium
  • 6.4 kilometer
  • 470 meter
  • 2 – 3 timer

Om Vennis - Sandalen

På vestsida av Leineån går det gamal stig, ”vetravegen”, oppover mot Sandalen. Stølsvegen gjekk på austsida av Leineån, men denne stigen vart også brukt ein god del, og det var nedover bratta her dei køyrde forsloane med stølsfor som var henta i løene inne på stølane.

Parker ved kvednhusa, gå over brue og ca. 200 m til skiltet ”Sandalen” viser kvar du skal ta av. Fylg traktorveg oppover ca. 50 m til grind og merking til høgre.

Stigen er ganske bratt i starten, men likevel fin å gå. Kanskje kan du vera interessert i å ”få med deg” nokre namn oppover liene. På venstre sida før fyrste gjerdeklyv ligg Kælvekvene (kalveinngjerding), og rett etter passering av andre gjerdeklyv, der stigen er bygd opp, heiter området Ryssebrue. Høgare opp går me rett oppover og parallelt med ån som renn langt nede i Bakgjilen. Stigen oppover her heiter Beinstigen, medan Snevegen (ikkje rydda), som er ei slakare lei, her gjer ein stor sving til venstre og kjem innatt på hovudstigen lenger oppe. Der bakkane slakar ut, var det tidlegare eit jorde, Høgbergjordet, som no er heilt attvakse. Nedste delen av stigen går gjennom gamal furuskog, men om lag der Beinstigen startar, kjem me inn i tettvokse ospeskog, stadvis med tett ”underskog” av den høge bregna einstape. Dette er godt hjorteterreng. Elles er det mykje slags fugl her, både spettar, ugler, trostar, meisar og songarar. Etter ein god halvtimes gonge er du oppe i den eigentlege Sandalen, og stigen snor seg i lett lende under stupbratte Skutshødn. Heilt fram til stølane på Sandale går stigen, men den er no rydda fram til Tvørrberget, der me går på klopp over Leineåne og kjem inn på den arbeidde stølsvegen, nokre meter før ei grind. Her står skilt til ”Vennis”, for den som vil gå turen motsett lei, ein mindre slitsam tur langs ”vetravegen”. Frå den arbeidde stølsvegen, som er bygd i 1985, kan ein anten gå vidare 2,4 km innover til stølane på Sandale, eller for å få ein rundtur, fylgje vegen 4,1 km nedatt til fylkesvegen. Det er også ein fin turveg med flott utsikt. Når du kjem fram på kanten der brattbakkane tek til, vil du sjå tomter etter Sørre Leine-stølen Lisete på fine sletter på vestsida av vegen. Fylkesvegen fylgjer du vestover 600 m attende til Kvednahuse i Leineån.

Sloekøyring frå Sandale.
På Sandale var det stølsjorder som vart slegne med ljå kvart år. Dette godluktande stølsforet var ”snadder” for krøtera og difor svært verdfullt. Når det var kome passeleg mykje snø, drog vennisbøndene i flokk og fylgje innover dalen for å hente stølsfor. På vegen innover hogg dei med seg stølsved for neste sommar, og så hogg dei ”umbløgo”. Det var ungbjørker på omlag tre meters lengder som dei skulle bruke rundt forlasset. Når dei så kom fram til stølen og hadde fått gjort opp i omnen inne i selet, og kosa seg litt med kaffien og nista, bar det borti løa for å laga til lasset. Det fyrste dei gjorde var å leggja ut 2-3 reip på tvers. Oppå reipa i rett vinkel med dei, la dei eit lag med umbløgo, ei 8-10 stykke, alle med riset bakover. Så var det å lesse på foret så fint og godt som det let seg gjera. Når lasset var stort nok, la dei på umbløgo på sidene og oppå, for å halda småforet på plass. Så tok dei til å ”jura” lasset. Det vil seia at dei ved hjelp av reipsheldene i enden på reipa drog til av all makt. No hadde dei fått til ein langstrakt forball som var godt innpakka med umbløgo. Denne ballen vart kalla ”ein sloe”. Når så vedlasset var lesst av, hjelptest karane med å velte sloen opp på langsleden.

Og så bar det nedover mot bygda. Til dei kom fram på kanten der brattbakkane tek til, gjekk det fint med langsleden, men å køyre tungt lass på langslede nedover ”brøttudn”, kunne vera livsfarleg både for hest og kar.

Difor hadde dei ståande klar ein liten slede med stutte meiar (ein bukk) der framme på kanten. Så hjelptest dei med å velte sloen over på bukken, slik at framenden på sloen låg oppå bukken medan bakdelen på sloen låg nede i snøen og verka som brems nedover bakkane. Køyrekaren stod oftast oppe på sloen. Det var dette som vart kalla sloekøyring.