M/B Bitihorn

Vandring 1.5 - 2 t 29.1 km

Legg i Favoritter

Ein verkeleg godbit i ”turfloraen” i Vang, er ein tur med gamle, gode ”Bitihorn”. Er du heldig med veret og råkar på ein stille, solblank dag, kan du sitja på dekk og suge inn i sinn og sansar det mest fantastiske fjelleventyr du kan ynskja deg.

Turen startar frå Bygdin hotell. Båten glir sakte mellom holmar og skjær, forbi oddar og nes, og gjennom tronge sund i retning Bygdisheim. Og du er deg inderleg bevisst at du no er ombord i den høgastgåande rutebåten i Nord-Europa. Båttrafikken her tok til aller fyrst på 1900-talet, og ”Bitihorn” har gått her kvar sommar sidan 1912, og har nok ikkje tenkt å gje opp med det fyrste.

Sjølve Bygdin som breier seg ut for oss som ein kjempespegel med Jotunheimens tindar på hovudet i sitt mystiske djup. Snart har du det gamle felægeret Hestevølladn inne på grasslettene på nordsida av vatnet.

Ved Torfinnsbu står det som regel ein flokk forventningsfulle og glade fjellvandrarar som no vil vidare med båten, og sume går av for å gje seg i kast med fjellheimen. Rett opp for Torfinnsbu ruvar den imponerande Torfinnstinden, og til høgre skjer Svartdalen seg som ein mektig U-dal ned i fjellmassivet. Gjennom dalen går stigen mellom Bygdin og Gjende.

Så glir båten vidare forbi den restaurerte Galdebergbue inne på stranda og nærmar seg Galdeberg som Vinje har ”gjort udødeleg” med sitt dikt ”Lenda frå Land”. Det er forteljinga om ei merr som med folen sin drog lengre og lengre inn under Galdeberg til dei til slutt stod fast på den aller inste grøne flekken. Ho kunne sjølvsagt ha teke same vegen attende, men ho stod der til folungen hadde svolte i hel. Så filosoferer Vinje litt om denne hestenaturen som ”stend til han stuvende svelter i hel og vantar på vit til å venda”. Det kan vera ein tanke å ha med seg diktet på turen. Då vil de sjå kor nøyaktig Vinje har skildra plassen. Det var i Galdebergbu’n Vinje fekk høyra historia om Lenda av fekaren Ola Leine frå Vennis. Det var han som hadde funne Lenda og den døde folungen.

Men så rundar båten Galdebergøddin, og etter ei stund får du den runde køllen Høystakkadn i synsfeltet på nordsida av Bygdin. Inne på stranda ligg ei gamal, restaurert steinbu, og vegen mot Gjendebu går oppover langs åne Høystakka. Så nærmar båten seg den kjende og kjære Eidsbugarden med den gråe Vinjebue på ein haug til høgre for hotellet. Skal du ta båten attende, rekk du kanskje ein kaffikopp med ”nogo attåt” anten på Fondsbu eller på hotellet, og du må ta deg tid til å sjå innom Vinjebue før du tek avskjed med steinhovudet av Vinje på bryggekanten og finn deg ein god plass att på båten.

Det imponerande Vinjehovudet vart laga i 1968. ”Anne og Helge frå Kvame sette dette minnet då Vinje ville vore 150 år". Og "I gneis hogg Ståle (Kyllingstad) hausen med hand og hamar”.

No trur du kanskje at Bygdin ligg blikkstille i varm sommarsol alle dagar. Men nei takk, sa’n! Kanskje får du til og med ”bustint” ver den dagen du stiller i kø ved Bygdin. For det høyrer så absolutt med, og kan vera ei flott og fascinerande oppleving. Det kjem an på auga som ser og sinnet som søkjer...

Thor Østbye
Thor Østbye

Likte du M/B Bitihorn? Finn opplevelser i nærheten.

Bygdin - Torfinnsbu

2.5 - 3 t

13.9 km

Synshorn

4 - 5.5 t

4.9 km

Kungsliknuppen

1.5 - 3 t

5.7 km

Synshødn

0.5 - 1 t

2.2 km