Torfinnsbu - Gjendebu Vandring

  • Friskt fjellvatn på veg opp Svartdalen.

    Friskt fjellvatn på veg opp Svartdalen. Foto: Lars Østbye Hemsing

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 14 kilometer (A til B)
  • Stigning: 540 meter
  • Varighet: 4–5 timer

Om Torfinnsbu - Gjendebu

Frå Torfinnsbu fylgjer du merka stig nordover inn Torfinnsdalen og Svartdalen. Rask stigning i starten til ca 1200 moh der terrenget flatar meir ut. Floraen her er rik og mangfaldig med gule teppe av gullmyrklegg fyrst på sommaren, og fjellsvever seinare på sommaren. Like ovafor Torfinnsbu, i starten på turen, veks den høge maskeblomsten kongsspir med store, gule blomstrar. Namnet kjem av det tidlegare svenske namnet Kong Carls scepter, som skulle vera til minne om dei svenske Carlanes ærefulle bragder, samstundes som forma på planta kan samanliknast med eit scepter, ein konges eller keisars flotte stav. Legg også merke til den store, flotte fjellkvannen som står langs bekken etter stigen. Planta har gjennom tidene vore ei av våre aller viktigaste medisin-, krydder- og næringsplantar, og blir framleis dyrka bl.a. som råvare til likøren St. Halvard. Blomsterskjermen på planta kan innehalde 3000 småblomstrar.

På slettene litt inne i dalen, på austsida av Torfinnsdøla, ser ein framleis spor etter øvingsplassane og leirane som austerikske alpejegarar nytta under krigen. Her er også eldre kulturminne som til dømes eit fangstanlegg for rein som ligg aust for Torfinnsdøla, mellom Torfinnstinden og N. Kælvehølotinden.

Ein føler seg ganske liten når ein går gjennom den flotte Svartdalen som er omkransa av ein ”søylegang” av tindar på over 2000 meter langs båe dalsidene. Ved sørenden av sørre Svartdalstjednet kjem du inn i Jotunheimen nasjonalpark. Der dalen munnar ut mot Gjendebu, blir ein møtt av eit nytt, flott skue med ei rekkje av kjende tindar og brear mot himmelsyn, og med det grøne Gjende i dalbotnen. Det grøne vatnet i Gjende kjem av ei mengd ørsmå brepartiklar som ved lysbryting, spesielt i sollys, gjer vatnet grønt - smaragdgrønt. Stigen går bratt ned mot Gjende og passerer over Vesleåne og Storåne på bruer før ein er framme ved betjent turisthytta Gjendebu (990 moh), som vart kjøpt av Turistforeningen så tidleg som i 1870.

Du må ikkje forlate Gjendebu før du har vore inne i det gamle steinselet som var den fyrste Gjendebua og der den namngjetne Gjendine var fødd.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Gjendetunga

Jotunheimen

Vandring 5.5 km · 3.5 – 4.5 t

Gjendebu to Torfinnsbu

Jotunheimen

Vandring 14 km · 6 – 8 t

Memurubu to Gjendebu over Bukkelægret

Jotunheimen

Vandring 10 km · 4.5 – 6.5 t

Besseggen Ridge

Jotunheimen

Vandring 13.1 km · 7 – 9 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt