Fondsbu - Yksendalsbue - Bygdin Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 35.4 kilometer
  • Elevation 1,590 meter
  • Duration 7–9 timer

Legg i favoritter

Om Fondsbu - Yksendalsbue - Bygdin

Dette er ein flott to-dagars tur i eit område som enno ikkje er oppdaga av den store massen av turgåarar. Turen passar for turfolk i alle aldrar, men er kanskje ikkje å tilrå for familiar med småborn. Langs heile fjellområdet sør for Bygdin finns ei rekkje plassar med reinsgraver, bøgahi og steinbuer av ulik kvalitet. Den T-merka stigen passerer fleire av desse, mellom anna ved Vølohødn (to graver og bøgahi), Systerbøtt-tjednet (grav og steinbu), og Bergaåntjednet (fleire graver).

Dag 1
Turen startar rett sør for Fondsbu. Fylg stigen mot Utsikten. Dersom veret er fint, kan ein avstikkar om Utsikten (1518 moh) og Skjenegge (1607 moh) tilrådast. Då vil du forstå kvifor både Aasmund Olavsson Vinje og William Cecil Slingsby var overbegeistra over det dei kunne sjå frå dette området. Denne avstikkaren vil ta omlag ein time. Frå Skjeneggen tek du peiling på austenden av vatnet aust i Vennisstøldale (1374 moh). Der kjem du innatt på den godt merka stigen gjennom Vennisstøldalen som du hadde gått dersom du ikkje hadde teke avstikkaren.

Gjennom Vennisstøldalen er det ein del ur, så fylg vardinga. Vidare går stigen langs sørsida av Dryllin (1310 moh) og ned i Vølodale der du må steingå Vøloa. Dersom det er stor vassføring, bør du ta av deg støvlane og gå i raggsokkar over. Eller du kan ta sokkane i handa, vasse over med støvlar og tøme dei for vatn, og så ta på turre sokkar. Fjellstav er alltid god å ha i slike tilfelle. Herfrå er det jamn stigning i ca. 3 km mot Vølohødn (1492 moh) og Vareggidn. Derfrå er det sørover bratt ned til Yksendalsbue gjennom til dels frodig vegetasjon i nerre del. Nyt utsikta utover Yksnin (1005 moh) og Yksendalen. Namnet er kanskje av nyare dato og kan tyde ”Uksedalen” fordi det i fyrste halvdel av 1900-talet var uksehamn her. Når du så er framme ved sjølvbetjeningshytta til Turistforeninga: Nyt stillheita og frodigheita. Både hovudhytta og annekset er godt utstyrt, slik at du skal kunne vera godt rusta til neste dags tur.

Dag 2
Neste dag startar du turen med ein lang slak oppstigning og etter ca. 2 km passerer du stigkrysset der T-merka stigen frå turisthytta ved Langetjedn kjem. Snart er du i Skamdalen og er du heldig, kan du sjå elg her. Vanlegare er det å treffe tamreinflokkar frå Fram tamreinlag i fjellområda her. Stigen går nordaustover og oppover mot Systerbøttjednet (1177 moh) og sør for dette vidare austover mot Skjeldrehødn (1368 moh). På turen her kan det passe å ta ei pause på eit fint utsiktspunkt der du ser ned på Olefjorden. Då ser du den spisse øddin som stikk seg ut i vatnet frå vest. På spissen der låg stølen Ondalen som vart lagt under vatn då Olefjorden vart regulert med 11 meter. Tomtene etter dei to sela kan ein sjå nede i vatnet når ein ror over.

Vidare mot Oleberge vil du passere fleire små, idylliske vatn, der det let seg gjera å få avkjøla skrotten dersom det er varmt i veret. Stigen går vidare nord for Bergaåntjednet (1282 moh) og opp på Marabøtthødn. Nyt utsikta frå denne 1378 meter høge toppen. Så begynner nedstigninga, mot søraust - der du ser rett ned på Olefjorden. Hald så fram austover. Ver merksam på at stigen ned frå Marabøtthødn går mot Ole, men der stigen deler seg, går du søraustover og rundar Seksin (1063 moh) på sørsida. Vidare går det rett austover mellom Gyriklanten (1173 moh) og Sandhaugen (1305 moh), vidare over Skjerva og fram til du kjem inn på stigen frå Bitihødn, som du fylgjer vidare fram til Rv. 51. Du kan no anten traske siste kilometeren på asfalt fram til Bygdin Høgfjellshotell, eller gå gamlestigen som går under telefonlina.

Her kan du ta siste båt attende til Eidsbugarden, dersom du rekk den, eller kanskje du vil overnatte på trivelege Bygdin Høyfjellshotell og ta båten neste morgon?

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Fondsbu - Yksendalsbue - Bygdin kart