Vangsmjøsa rundt Sykling

  • Vang med Hugakøllen bakanfor.

    Vang med Hugakøllen bakanfor. Foto: Dag Nordsveen

  • Vennis.

    Vennis. Foto: Sverre Hjørnevik

  • Sputrefossen.

    Sputrefossen. Foto: Thor Østbye

  • Lundebrua, Øye.

    Lundebrua, Øye. Foto: Dag Nordsveen

  • Kvednhusa på Leine, Vennis.

    Kvednhusa på Leine, Vennis. Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 44.3 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 820 meter
  • Varighet: 2–5 timer

Om Vangsmjøsa rundt

Skal du få med deg alt det interessante som du kjem borti på ein tur rundt Vangsmjøse, må du nok rekne med dagstur. Men det kjem sjølvsagt an på kor lenge du vil stoppe på dei ymse plassane. Startpunkt for turen kan sjølvsagt vera kvar som helst, der det måtte passe. Eg vel å omtala turen frå Vang kyrkje og køyre »med sola», altså mot Øye. Men i Vang sentrum er det mykje å sjå og oppleva. Klenodiet framfor alle er Vangssteinen (1) som står til høgre for kyrkjeporten. Runeinnskrifta på høgre kanten fortel at ”Gåses søner reiste denne stein etter Gunnar brorson.” Kan me her sjå for oss gamle høvdingen Gåse som befaler sine søner å laga eit verdig minnesmerke over sonesonen? Ungguten Gunnar kan ikkje ha vore nokon ”kvensomhelst” som har vorte vist slik ære, og Gåses søner må ha vore store kunstnarar dersom det er dei som har utforma framsida. Steinen vart sett opp omkring år 1000 e.Kr. Hadde du kome her før 1841, ville du etter å ha gått gjennom porten hatt langveggen på gamle, ærverdige Vang stavkyrkje rett framfor deg. Ho stod rett framfor inngangen til nye kyrkja (2). I sommarsesongen er kyrkja open med omvisar. Spør omvisaren om altertavlene, modellen av stavkyrkja, prestkonerommet, messehaglen i våpenhuset, innskrifta på benkene, og kvifor benk nr.13 manglar. For den botanisk interesserte, er det mange sjeldne lavartar kyrkjegardsmurane. Ved sida av kyrkja ligg prestebustaden som vart bygt i 1828. Han er fornuftig plassert, i vindfulle Vang. På oversida av vegen ligg drengestøga som vart forpaktarbustad. Låve og fjøs låg der som parkeringsplassen er no, rett overfor kyrkja og kyrkjegarden. Gamle Fredheim skule (3), som no er barnehage, ligg oppe i bakken rett opp for matbutikken. Men me skulle i retning Øye. Då har me Vangsheimen på venstre sida av vegen og Vangstunet (gamle Vangsheimen), Kommunehuset og Vang Sparebank på høgre sida. På Klukkarhauge (4) ligg eldste skulehuset i Vang, på høgre sida. Det vart bygt i 1863 og var skule for nørre delen av hovudsoknet og bustad for læraren, som også var klokkar. Men i dei gode, gamle dagar var det også banklokale og kommunestyresal. På andre sida av vegen bygde Torstein Ellingbø (Tøstein på hotelle) opp Fagerlid hotell og butikk sist på 1800-talet. Nokre meter lenger vest kom omtrent på same tid, Grindaheim hotell og telefonsentralen i huset, på andre sida av vegen. Husa blir verna og sett i stand, og det er viktig då dei høyrer med til bygdebiletet. Turen går vidare over Bøaflatadn (5), som var ekserserplass i gamal tid. I nærleiken her vart Torkjell Gåsedelen halshogd i 1802 med stort frammøte av bygdefolk som ”glåmfant”. Torkjell hadde teke livet av grannen sin. Han bar skjebna si med stor sinnsro, og då han vart ført til rettarstaden, skulle han ha kommentert det gode kornåret: ”Åker'n står fint i år”. Han var den siste som vart avretta i Vang. Nørst i Vangssokn, mellom Grindo og Bergsfjelle, skjer Skakadalen (6) seg ned i fjellmassivet. Ferdselsvegen mellom austland og vestland gjekk i gamal tid gjennom dalen. Det ligg stølar på båe sider av Bergsån. Heilt ytst i denne hengande u-dalen mot Bøaflato, er det store grus-/sandtak. Desse massane er avsett her fyrst av breelvar. Sidan har Bergsåne grave og frakta lausmassane (stein, grus, sand) vidare utover, så populært kan me seia at heile Bøaflatadn kjem frå Skakadale og områda ikring. På andre sida av Vangsmjøsen, rett opp for Vennis (23), ser me og ein typisk henganda u-dal, Sandalen (24). Frå u-dalen og ned mot gardane veks det frodig furuskog. Både skogen og gardane her ligg på ei stor ”vifte av lausmassar” som fyrst er avsett og forma av breelvar, og seinare Leineåne. Etter å ha passert siste garden, køyrer me gjennom nokre berghamrar som har fått namnet Nordkjeldudn (7). Lengre vest, på Hagastrønden (8), var det på 1800-talet husmannsplassar under gardar på Vennis. Seinare vart plassane tekne i bruk som stølar for vennisane. Så køyrer me gjennom den høgstliggjande granskogen i Vang, Grønhaugadn (9), før me tek ein stopp på Øyebakka (10) for å sjå på kyrkjene Øyebakkin er utgangspunkt for turar innover Rødalen. Etter å ha passert denne vesle, trivelege grenda under Eltunsføssen (12), som blir kalla Nerre Dalen, med stavkyrkje, kyrkje, barnehage og samfunnshus, nærmar me oss det som før var Eidsføssen (13), men som no er ei turr bergkløft avdi vatnet går gjennom tunnel i berget og ned til kraftstasjonen, det grøne sementhuset nede på flata. Dette er kraftstasjon nr. to. Den fyrste, som vart bygd omkring 1940, ligg nede i juvet på sørsida av kløfta, like før du kjem til den gamle mølla på høgre sida av vegen, rett før brua. Parkerer du ved mølla og går vegen attende nokre meter, finn du ei trapp nedover gjennom ura, og du kjem ned til gamle kraftstasjonen. Denne er restaurert og blir teken godt vare på som eit historisk ”dokument”, og som eit minnesmerke over dei driftige og framsynte karane som skaffa bygda elektrisk kraft. På andre sida av brue, tek austsidevegen (Fv. 293) (14), tvert av til høgre, men vil du ha med deg litt veghistorie, bør du like før brua ta til venstre inn på den gamle vegtraseen som går på vestsida av Strøndafjorde (15). Denne stubben viser vegstandarden frå fyrst på 1900-talet med stabbesteinar og krappe svingar. Like før du køyrer over brua som fører deg inn på nyvegen, ser du Hermundstadgardadn på berget på andre sida av elvegjelet. Mange av dei kjende kunstnarane våre har henta motiva sine her i Øvre Dale. Etter å ha studert den gamle milesteinen (16) ved Grihamar/Hermundstad, køyrer du nedover E-16 austover og tek til venstre før brua og gjev deg i kast med den idylliske austsidevegen (som sjølvsagt burde heitt nordsidevegen). Når du har lagt gardane bak deg, vil du på venstre side sjå eit skilt der det står Tøso edellauvskogreservat (17). Lengre bortmed stranda, i ein innsving, låg husmannsplassen Døtt'n, (18) (kanskje eit ironisk namn som skulle fortelja at den årlege avlinga berre var ein høydott ?). ”Storåkeren” ser ut som unnarennet i ein høveleg hoppbakke, og oppe på ”kul'n” ligg restane av støga. Husmannen her hadde ei ku som sto i robåten medan han rodde forbi Kviture for å koma på stølen på Sandale. På vegen vidare mot Kvitur'n vil du på venstre sida av vegen sjå eit sva som går langt oppover som ei brei glenne i skogen. Dette svaet har fått det pussige namnet Våteføsvaet (19). Det har vel sitt opphav i at det kan vera både vått og glatt, så det kan vera fort gjort å bli våt i ”fø`n” (rompa) dersom du prøver å plukke med deg av dei fine bergfruene som veks på svaet. Kviture, ja (20). Ho var rekna for å vera livsfarleg avdi ho aldri var i ro og difor heller ikkje vart mosegrodd, men heldt seg ”kvit”. Likevel gjekk det ein stig gjennom ura som så vidt var framkomeleg for folk, og kanskje geiter. Då vegen vart bygd her i 1959, viste det seg at Kviture ikkje var så farleg likevel, og den tronge passasjen i Kløvningo vart utvida til bilbreidd og ber no namnet Kløvningadn (21). Så kjem me til den vakre bygda Vennis (23). Me passerer dei tre Leinegardadn før me kryssar Leineåne som kjem frå Sandale og stuper seg utover hamrar og klantar før ho renn gjennom det unike kulturlandskapet ved kvednahusa og sullar trolsk gjennom jettegrytene ovafor gamlebrua. Som før nemnt er flatene her på Leine ”komne” frå Sandale som lausmassar med breelvar og seinare med Leineån. På rasteplassen her ved Leineåne (med toalett) bør du ta ein lengre stopp. Medan du kosar deg med kaffe og anna godt frå nisteskreppa på ein høveleg lun og idyllisk plass, kan du lesa rammene ”Det skyt i Hødne”, ”Kvednahuse i Leineån ”, ”Då Olav den heilage prøvde å kristne vangsgjeldingane” og ”Skredulykkene i 1860”. Du kan også lesa om turar innover Sandalen (24) til Skutshødn, Vennisfjellet og Kvithaug. Ta så gjerne ein tur ned til Leinesanden (25) der du kan ta deg eit bad eller sitja på strønden og nyte sol og utsikt. Ja, for ho skin vel, sola? Nokre meter forbi vegen til Sandalen, i vegskråninga på venstre side, ser du restane etter tørrstøgeomnen som er omtala i ramma om skredulykkene i 1860 (26). Når du så køyrer vidare over Vennislandet, (med tingstøgo frå 1600-talet i gamalt tun (27) nede ved fjorden), og vegen skrår nedover mot fjorden att, då er du komen til Sparstadsanden (28), ein annan fin raste- og badeplass. Her kan det passe å lesa om han Tor Hamre korleis han tok hand om tjuvfiskarane frå hovudsoknet. På vegen vidare passerer du Olshølmin (29) som skulle vorte bru i Leirholssundet. Dersom vassmålet i fjorden er passe høgt, vil du nokre hundre meter lengre aust sjå ryggen på merra hans Sankt Ola som stikk opp av vatnet. Sjølvsagt heiter det Maraskjeret (Merraskjeret)(30). Med det same du har passert gardsvegen til fyrste garden du kjem til i Remmisgardo, står det skilt som viser til gravhaug (31). Avstikkaren på eit kvarters tid fører deg på triveleg stig ned til ein opna gravhaug der ein, om ein vil, kan krype ned i den mura steinkista. Kanskje er det ei dobbeltgrav, men dei meiner i alle fall at ei kvinne av høg byrd har vore gravlagd her. Ting som vart funne i grava, tyder på det. Når du like etter avstikkaren køyrer forbi Kælvesteinadn (32) (store blokker ved vegen), kjem du til skilt som viser til Riddarstøga på Leirhol (33). Ein liten avstikkar ned dit er vel verd å ta, og kanskje møter du dei trivelege folka på garden som ber deg inn og viser rundt i residensen hans Riddar Sigvat. Dette er nok ein gamal gard, for det finst fleire gravhaugar i området. Vidare går vegen gjennom Remmisgardadn. Rett ned for Høverstad, den andre garden på høgre sida like ved vegen, ligg gamle Remmisskulehuset (34) med den mektige Lomsteinen ved sida. Vidare skrår vegen jamt oppover, og snart er du på Remmisåse (35) med vegskil. Tek du vegen til venstre, kjem du forbi Hugasyn hyttegrend (36). I neste kryss, like over Rysnabrue, ligg Slettefjellbue (37). Her tek Slettefjellvegen av. (Ein liten spasertur på ein god halvtime oppover Slettefjellvegen forbi den gamle, restaurerte garden Sørre Givre, fører deg opp til den flotte Sputreføssen (38) som stuper seg ned i avgrunnen) I vegkrysset før brue og Slettefjellbue, går vegen til høgre (skilt viser til E-16), og du kjem forbi Åsvang skule (39), med barnehage og samfunnshus, før du kjem til Heensåsen kyrkje (frå 1902) (40) med den flotte utsikta. Køyr så vidare ned gjennom Hensgardadn (42). Midt nedi bygda møter du att vegen du hadde køyrt dersom du på Remmisåse hadde teke vegen til høgre. Nedst i bygda ligg Sørre Hemsing (43) på høgre sida. Dette er ein gamal, restaurert gard som i sommarsesongen tek imot gjester både for servering og overnatting. Tek du deg ein tur innom, blir du ei oppleving rikare. Nokre hundre meter lengre ned tek det av ein gardsveg til venstre. Den fører deg til Nørsvin (44), garden som den såra og vonbrotne Knut Gudmundsen reiste frå då han fekk motbør i stavkyrkjesaka. Køyrer du rett fram, gjennom ei grind og tjue meter til, vil du opp til høgre på ein gravhaug sjå bautaen som i 1929 vart reist til minne om den framsynte Knut Gudmundsen. Bautaen står på plassen der stavkyrkja no ville stått, om han hadde fått viljen sin. I Hemsingsundet, ved Neset (45), køyrer du over den tredje Hemsingbrue som har lege her i sundet. Den fyrste var ei trebru, bygt i 1866, men nedriven tjue år seinare, truleg i frustrasjon over at bøndene på austsida vart åleine om det ”særdeles tyngende vedligehold”. Så var dei utan bru til i 1914. Då hadde to mann mist livet i sundet der, då ein overlasta båt gjekk rundt. Det var 5. juni 1905. Her ved brue er det fiskebrygge, bygd særleg med tanke på rullestolbrukarar, men ho kan også fungere som stupebrett dersom ein dukkert skulle freiste. Bortover langs stranda er det fin rasteplass og ”barnevenleg” badeplass med fin sandstrand. Under grøftegraving her ved brue vart det funne eit båtspant som kan vera frå 3-400 år e.Kr. og er det eldste funnet av ting laga av tre som er gjort i Vang. Før 1930 var det berre ei høyløe på Neset. Men då Vang Dampysteri vart bygt det året, opna det for meir byggeverksemd. Ole Åstad bygde bustad og køyrde laste- og personrute til Fagernes. I 1939 vart Samvirkelaget bygt. Seinare kom snikkarverkstad, kafear, posthus og fleire bustader. Men så stilna det heile av. Men dei som er der i dag får me tru er liv laga. Like vestanfor Neset, ved rasteplassen (46), tek den gamle kongevegen av. Vegen gjennom Kvamskleive (47) vart skoten ut i 1860-åra, og det blir sagt at fleire mann miste livet. Eit dramatisk rovmord vart utført under eit treoverbygg som stod på utsida av tunnelen. Ein stakkar som hadde rømt til Amerika, tilstod ugjerninga på dødsleiet, blir det sagt. Så køyrer me opp Bjødndalen (48) og kjem fram til garden Kvam (49). Den gamle garden ligg restaurert og idyllisk til oppe i skogkanten. Dette var lensmannsgard i tre generasjonar, og sjølvaste Gjest Bårdsen overnatta der på veg til slaveriet på Akershus. Det blir fortalt at han bar på 30 kg jern, og då han kom til Kvam ba han lensmannen så fint om å få sova utan jernbøra. Mot lovnad om ikkje å rømme fekk han lov, og han heldt ord. Frå lensmenn som behandla han fint, rømde han aldri, fortel han sjølv i sitt ”Levnedsløb”. I dei gamle husa tek vertskapet mot besøk for servering og omvisning til visse tider i sommarsesongen. På turen vidare attende til utgangspunktet passerer du startpunktet på Kongevegen ved Syndrol (50), og Vang barne- og ungdomsskule (51) ser du nede til høgre der skilt viser. Skulen ligg på kanskje finaste tomta i bygda, med sol omtrent året rundt, ho er berre bak åsen litt ved juletider. På tomta står gamle Kattevølskulehuset frå 1876. Det vart flytta heilt frå plassen sin ved E-16 oppe ved Kattevøl. Det er no skulemuseum. Så håpar me at du har hatt ein fin og interessant tur rundt Vangsmjøse, og at det freistar å gjera turen om att ein annan gong.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Glacier Hike to Uranostind
Jotunheimen

Vandring 1.4 km · 8 – 10 t

Fugleberg - Steinsvoll
Vang

Vandring 3.1 km · 0.2 – 0.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt