Borgund stavkyrkje Kulturminner

  • Photo: Sverre Hjørnevik

  • Photo: Sverre Hjørnevik

  • Photo: Sverre Hjørnevik

  • Photo: Dag Nordsveen

Essential info

  • January – December

About Borgund stavkyrkje

I den vesle grenda Borgund ligg fantastiske Borgund stavkyrkje. Ei av dei mest karakteristiske stavkyrkjene som ein finn i Norge. Viktige kjenneteikn er den trinnvise oppbygginga med svalgangar, omgangar, heva midtrom og den skjelliknande spontekkinga av tak og veggar. Kyrkja vart bygd kring 1180, og er vigsla av apostelen Andreas. Like ved kyrkja ligg besøkssenteret, som inneheld utstillingar om stavkyrkjenes innverknad i det religiøse livet i mellomaldaren. Utstillinga «Unike vikingfunn» med funn frå tidleg vikingtid finn du og i besøksenteret. Kjøp deg ein kaffekopp og litt mat og nyt den strålande utsikta i retning stavkyrkja og Vindhellavegen, ute eller inne.

Borgund stavkyrkje og besøkssenter er eit fint utgangspunkt for fotturar på mange av  dei historiske vegane i dalen. Kyrkja ligg midt mellom Vindhellavegen og Sverrestigen. Vindhellavegen er kanskje ein av dei mest kjente og best bevarte strekningane av Kongevegen over Filefjell. Begge strekningar er mykje brukt som turvegar. Vindhella i kombinasjon med Sverrestigen blir tilsaman ein fin rundtur som begge ligg tilgjengelege som eigne turbeskrivingar i applikasjonen.

Prisar:
Vaksen kr. 90,- , gruppe (min 15) kr 70, Familie kr 220, student/barn kr. 70
 
Sesong: 1. mai til 10. juni: 10:00 ‐ 17:00

11. juni til 21. august: 08:00 ‐ 20:00

22. august til 30. september: 10:00 ‐ 17:00

Kontaktinformasjon:
Telefon: 57668109  Epost: borgund@stavechurch.com

Web: www.stavechurch.com

Kontaktperson: Tanna Gjeraker