Opplev Utladalen Vandring

  • Foto: Erlend Eggen

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

  • Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Jotunheimen
  • januar – desember
  • Vanskelig
  • 19.3 kilometer
  • 1,490 meter
  • 6 – 7 timer

Om Opplev Utladalen

Lite kan måle seg med å vandre i Utladalen ein varm sommardag. Dimmensjonane, den tronge dalen, som plutserleg opnar seg og gir plass for ein liten gard. Fruktbarheiten og vakre blomar. Villskapen til landskapet. Vettisfossen. Stølane høgt over Utla i grøderike sidedalar, kor Stølsmaradalen er ein av dei.

For dei som ønsker å oppleve Utladalens mangfald, vil vi anbefale rundturen via Avdalen og vidare opp til tregrensa og på stig nordover til Stølsmaradalen. Her overnatter du. Dagen etter går du stigen gjennom Brendeteigen ned til Vetti, tek ein avstikkar til Vettisfossen, før du går "Folkevegen" langs Utla ned att til parkeringsplassen på Hjelle.

Å få kyr langs dei gamle stiene fram til Stølsmaradalen sier mykje om driftsformen før i tida, og kor viktig sommarbeita var for å få nok for til den lange vinteren.

I Stølsmaradalen har turistforeninga ei ubetjent hytte som du kan overnatte i. Hytta har madrasser, ved og gass. Sjølv må du ta med deg mat og sovepose / lakenpose.