Grottetur i Dumdalen

Jotunheimen

Vandring

Legg i Favoritter

Over mange tusen år løser surt vatn opp marmor som blir vaska bort saman med andre porøse bergartar, mens dei harde står att. Slik oppstår grottar. I Dumdalen vest for Lom, finnast ein rekke slike fenomen, kor dei fleste blei danna under siste istid for omlag 10 000 år sidan. Inni grotta vil du oppleve underlege bergformasjonar, stillhet, og kraftig elvebrus om kvarandre. Grottane har alle forskjellege fasongar og størrelser. Nokre er store og vide, andre er så trange at ein verkeleg må trekke pusten for å koma gjennom. Ein tur i desse grottane er svært så spanande.

Det er kort veg opp til eventyret. Det starter med store rom og lys gjennom åpninger i fjellet. Etter kvart øker lengden, romfølelsen reduserast og det einaste lyset vi har er fra hodelykta på hjelmen.

Dumdalen er ein idyllisk dal med svært rikt planteliv på grunn av den kalkrike grunnen. Så også for dei som trivast best i dagen, vil Dumdalen vera ein flott tur med mange opplevingar.

Å stikke hovudet inn i ei grotte som synest i dagen er ein ting, men ynskjer du å utforske grottenes løyndomar, er ein guida tur løysinga.

Online booking på www.aktivilom.no eller post@aktivilom.no / 61212799.

Aktiv i Lom har faste turar på tysdagar og fredagar fra 18.06.2016 til 14.08.2016.

Knickowski
Knickowski
Knickowski
Knickowski

Likte du Grottetur i Dumdalen? Finn opplevelser i nærheten.

Blåisvandring på Bøverbreen

6 - 7 t

8 km

Sokse

7 - 10 t

7.5 km

Kyrkja

3.5 - 5.5 t

4 km

Helgedalsnosi

2 t

0.9 km