Munken frå nord

Jotunheimen

Topptur 10 - 12 t 18.9 km

Inn vakre grøne Leirungsdalen med 2000 meter toppar kneisande på begge sider. Dalen blir smalare og fjellsidene står bratte fleire hundre meter til værs, særleg i syd. Ein nabb stikker lenger ut enn dei andre med brear på begge sider. Her skal vi opp. Vi har kome fram til Munken. Det er ikkje fritt for at ein som ikkje har gått her før, er spent. Men, med sikker føring snor vi oss opp. Artig klyving. Etter kvart som vi vinn høgd, dukker den eine tinden flottare enn dei andre opp. Her mellom Bygdin og Gjende skal det være 30 stortoppar. Sjølve skal vi over tre av dei i dag med Munken som den fyste. Det er overraskande flatt når vi kjem opp, og vi bruker ikkje lange tida bort åt neste topp, Mugna. Utsikta er fri og vi ser langt. Men vi må vidare, og dreier austover og følger høgda bort til Rasltetind med kort småklyving før vi kan skue utover Valdresflye 700 m under oss. Herlig. Men, nå bærer det utover til lavare lende.

Ein flott tur stiløst terreng. Guide finn du på Grønolen Fjellgard, 61 35 29 90 / gronolen@gronolen.no

Adkomst
Bil til rasteplass på rv 51 ca 4 km nord for høgste punktet på Valdresflya

Tor Erik Grønolen
Tor Erik Grønolen
Tor Erik Grønolen
Tor Erik Grønolen

Likte du Munken frå nord? Finn opplevelser i nærheten.

Kælvehøgde

10 - 12 t

11.9 km

Vestre Kalvehøgde

7 - 9 t

11.9 km

Rasletinden

6 - 7 t

8.6 km

Valdresflye - Torfinnsbu - Bygdin

3 - 4 t

26.2 km