Blåisen på Bøverbreen

Jotunheimen

Vandring 7.5 - 8.5 t 2.3 km

Legg i Favoritter

Ein dag på Blåisen på Bøverbreen kan vera eit minne for livet. Det er opplevinga av å vera i blåisen med alle dens formasjonar, sprekkar og å bli omslutta av den blåe isen som vi ønskjer å ta deg med til. Dette er ikkje ein slitsam tur, men ein tur kor vi skal utforske breen.

Om du ønskjer nærkontakt med blåisen, så arrangerast det turar på Bøverbreen som er ein fin brearm av Smørstabbreen som ligg midt i hjarte tav Jotunheimen. Men, vi kan også guide på andre brearmar.

På brevandring har vi det hyggeleg. Vi har det ikkje travelt. Vi ser på sprekkar, grottar og tårn i isen. Mange ønskjer å krabbe gjennom istunellar, bli firt ned i ein sprekk eller klatre med isøksar i ein isvegg.

I Lom og Jotuneheimen har vi mange brear, og ein bretur i Jotunheimen kan vera så mangt. Det er flate brear med lite sprekker, og bratte brear med mange sprekker og tårn. Dei flatare breane blir nytta for å nå ein fjelltopp, mens dei meire spektakulære breane blir brukt når ein vil utforske isen nærare

Vandring i blåisen gjer ein ikkje aleine. Ein må være med eit taulag, og dei fleste vel difor ein guida tur.

Online booking på www.aktivilom.no.  Kan også bookes på tlf 61212799, eller e-post post@aktivilom.no

Aktivilom.no har faste turar på onsdagar og laurdagar frå 18.06.2016 til 14.08.2016.

Likte du Blåisen på Bøverbreen? Finn opplevelser i nærheten.

Bøverbrean

2 - 3 t

2.3 km

Bøverbreen og Kalven

6 - 7 t

11.9 km

Storebjørn

9 - 12 t

7.6 km

Krossbu