Elgparadiset Smådalen Dyreliv

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember

Legg i favoritter

Om Elgparadiset Smådalen

Elgen har vore i Vang i tidlegare tider, noko fangstgroper for elg både frå Høre, Ryfoss og Vang hovudsokn viser. Arten har så vore borte lenge, før den første elgen i nyare tid blei skoten i Høre i 1956. Elgen blei etter kvart vanleg i Vang og for perioden 2006–2013 blei det i gjennomsnitt skote 54 elgar i året i kommunen.

Dei aller største elgane i Vang finn du ofte i Smådalen og vil du sjå elgen på relativt nært hald er ein ekspedisjon ut på dei store myrdraga lengst sør i dalen noko å anbefale. Her kan du sjå elgen heilt opp i skoggrensa.

Elles i Vang finner er elgen vanleg frå områda rundt Begna, sør i kommunen til opp i vierbeltet. Nokon kan ein untakvis treffe i høgfjellet på sommaren. På  vinteren trekk mange ned i bygda, fordi det her er betre med mat og mindre snø enn lenger opp mot fjellet.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Elgparadiset Smådalen kart