Skålgropfelt Tyinkrysset Kulturminner

  • Opedalstølen med trappa opp til skålgropene

    Opedalstølen med trappa opp til skålgropene Foto: Thor Østbye

  • Skålgropstein i bergarten fyllit. Opdalstølen bak.

    Skålgropstein i bergarten fyllit. Opdalstølen bak. Foto: Thor Østbye

  • Hvorfor laget folk skålgroper?

    Hvorfor laget folk skålgroper? Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni-november
  • Vanskelighetsgrad: Enkel
  • Lengde: 0.4 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 20 meter
  • Varighet: 0.5 timer

Om Skålgropfelt Tyinkrysset

Den største lokaliteten av skålgroper i Valdres ligg på Oppdalstølen ved Tyinkrysset i Vang med 12 felt.

Gro O. Kyvik seier dei fleiste skålgropene er å finne på løse blokker og jordfaste steinar. Vi kan samanlikna skålgropene i Valdres med dei i Indre Sogn både når det gjeld motiv og distribusjon. Skålgropene er gjerne plassert i område med god oversikt til omkringliggjande landskap, slik som her ved Opdalstølen.

Skålgropene i stølsområda ligg ofte i historiske stølsgrender, mens skålgropene i dalen ofte er plassert ved gravfelt frå jernalder utan at det er grunnlag for å seie at dei er laga i same tidsrom. Men, av ein eller annan grunn er dei lagt til dei same stadane. Det store fleirtal av skålgroper i Valdres er runde i formen.

Sjølv om skålgroper finst over heile landet, skil Valdres og Sogn seg ut ved at skålgropene i hovudsak er i stølsområda. Vang har 16 registrerte felt og Vestre Slidre har 14. I Nord-Aurdal er det registrert 4 felt, mens Øystre Slidre har 1. I Vang er det i alt kartlagt 365 groper, mens det i heile Valdres er kartlagt 730 (Innselset 1995).

Adkomst: Køyr E16 til Tyinkrysset, kor du tek rv 53 mot Årdal i ca 700 m. Parker her rett utanfor vegen. Du går herfrå på ein gruslagt mindre veg bortover lia i ca 450 m fram til skålgropfeltet.

Kart

Questions or comments? Let us know.

Laster du ned appen Outtt kan du lagre alle favorittopplevelsene dine med turkart, bilder og beskrivelser klart for offline bruk.

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt