Fugleliv i Lomendeltaet Fuglekikking

  • Rødstilk

    Rødstilk Foto: Thor Østbye

  • Toppand

    Toppand Foto: Thor Østbye

  • Deltaet

    Deltaet Foto: Thor Østbye

  • Brunnakke

    Brunnakke Foto: Thor Østbye

  • Kortnebbgås

    Kortnebbgås Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november

Open this adventure in the app to save it offline.

Om Fugleliv i Lomendeltaet

Lomendelta er ein verna område for å ta vare på ein svært viktig rasteplass for trekkande vassfugl (lom, dukkarar, gjess, ender, traner, vadefuglar og måker).

Størst verdi for fuglane har området som rasteplass under vårtrekket. Men også på hausten rastar ein del vassfugl her, spesielt ender. Sporvefuglar og enkelte vadefuglar og ender hekkar i den frodige vegetasjonsmosaikken vest i området.

Fredingsområdet er på 947 da, av dette er 117 da landareal. Det ligg på grensa mellom kommunane Vang og Vestre Slidre, 368 moh.

Området ved utløpet av elva Begna i Slidrefjorden, er eit elvedelta med mudderbankar og gruntvassområde, noko granskog, frodig lauvskog oppstykka av kanalar, sumpar, sumpskog, småputtar og eng. Deltaet har Begna bygd opp med lausmassar (sand, grus og stein) avsett ved elveutløpet i Slidrefjorden. Næringsstoffa som Begna førar med seg gir stor produksjon av smådyr og planter, som i neste omgang er mat for fuglar. På våren har Slidrefjorden låg vasstand og dei store opne mudderflatene og gruntvassområdet utanfor, trekker til seg store mengder med fugl. Over 600 vassfugl kan raste her på ein dag.

Også fuglar som hekkar i Valdres, nyttar området som den siste raste- og kvileplassen, mens dei ventar på at snøen skal tine på hekkeplassane høgare oppe. Totalt er 126 artar sett i området og 63 av desse er våtmarksfugl, mellom anna er 25 artar andefuglar og 22 vadarartar.

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Hamaren
Vang

Vandring 1.8 km · 1 – 1.5 t

Riddarberg
Vang

Vandring 1.6 km · 0.5 – 1 t

Postvegen Høre - Kviismoen
Vang

Vandring 4.5 km · 1 – 1.5 t

Tour de Høre
Vang

Terrengsykling 16.1 km · 1.5 – 2.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt