Geologitur i Smådalen Vandring

  • Smådalen med meandrerende Smådøla (fra Rankonøse)

    Smådalen med meandrerende Smådøla (fra Rankonøse) Foto: Thor Østbye

  • Kvartærgeologiske formelementer i Smådalen

    Kvartærgeologiske formelementer i Smådalen Foto: Thor Østbye

  • Trøngebytti

    Trøngebytti Foto: Dag Nordsveen

  • Utsyn fra Rankonøse i sommerdis mot Skaget i Øystre Slidre

    Utsyn fra Rankonøse i sommerdis mot Skaget i Øystre Slidre Foto: Dag Nordsveen

  • Reingrav i Gravarskaret

    Reingrav i Gravarskaret Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Ekspert
  • Lengde: 20.1 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 940 meter
  • Varighet: 9–11 timer

Om Geologitur i Smådalen

Biletene viser dei spesielle kvartærgeologiske formelementa langs Smådøla. Rundturen som er foreslått er variert og fin. Morenelandskapet i Smådalen blei til under isavsmeltinga for omlag 9000 år sidan. Dalbotnen viser eit karakteristisk dødislandskap med jevnhøge terrasser og ryggar danna av løsmasser frå breelvar. Typisk blir slikt landskap til når ein bre smeltar så raskt at isen mister all framdrift. Nedanfor Njukestølen er ein stor og velutvikla esker. Bekkar har erodert gjennom ryggane bidrege til buktingane i elva. Esker er avsatt masse i elveløp under isen og framstår i dag som rygger som slynger seg gjennom landskapet. Litt opp frå dalbunnen er det tverryggar av morene, som har ein mer kompleks historie. Smådalen naturreservat strekker seg 13 km nedover dalen frå Belgenøse. I dalbunnen meandrerer (svinger) Smådøla seg roleg. Dei bratte avslutningane av Grindadn, Rankonøse, Ranastønge er dei austlege restane av Jotundekket (gabbro) som blei skuva inn frå vest da den nordamerikanske jordplata kolliderte med Noreg. Gabroen er hard og næringsfattig. Under den ligg fyllitt, som kjem til syne i dalen og strekk seg oppetter fjellsidene. Fyllit gir næringsrik jord med rik vegetasjon og frodig plantedekke. På moreneryggane veks mest næringsfattige og tørketålande planter. Mellom Rankonøse og Ranastonge ligger den hengande U-dalen Hestebøtten. Turbeskrivelse Nå skal vi ta deg med på ein rundtur gjennom dette storslagne landskapet. Det blir en god dagstur på ca 20 km. Frå Njukestølen på stig ned i dalbotnen og gjennom morenelandskapet. Finn du eskeren? Du krysser Smådøla og går opp Trongebytti til Rankonøse. Øvst i Gravarskaret på vei ned i Hestebøtten ligg fleire reinsgraver. Det bærer no bratt ned i U-dalen som i si tid blei forma av ein isbrearm. Nedi dalen har du fyllitt og frodig vegetasjon. Du vender og går ut dalen og krysser Smådøla ved Tverrvadet. På sti til Midtre Smådalstølene og videre tilbake til Njukestølen. Adkomst: Frå E16 ein km øst for Vang sentrum, tar du bomveg til Helin. I nordenden av vatnet tek du vegen mot Grindadn og fortset vidare til Njukestølen øvst i Smådalen (ca 13 km fra E16).

Kart

Lagre og del

Se flere populære opplevelser

Grindane
Valdres

Vandring 3.7 km · 4 t

Grindane
Vang

Vandring 3.8 km · 1.5 – 2 t

Belgen
Vang

Vandring 3.9 km · 2 – 2.5 t

Stigen hass knut
Vang

Vandring 3.6 km · 1 – 1.5 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt