Kvednahuse i Leineån Kulturminner

  • Eit av 5 kvednhus i Leineån.

    Eit av 5 kvednhus i Leineån. Foto: Thor Østbye

  • Kvednhus i Leineån.

    Kvednhus i Leineån. Foto: Thor Østbye

  • Steinbrua fra 1930-talet med kvednhus på nedsida.

    Steinbrua fra 1930-talet med kvednhus på nedsida. Foto: Dag Nordsveen

  • Nydeleg tilpassa stein i brufundamentet.

    Nydeleg tilpassa stein i brufundamentet. Foto: Dag Nordsveen

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: april–november

Om Kvednahuse i Leineån

Om du tek turen til Vennis kan du få med deg fleire flotte kulturminne. Kvednahuse i Leineån er kanskje dei finaste av dei. Om du kjem syklande frå Øye passerer me dei tre Leinegardadn før me kryssar Leineåne som kjem frå Sandale og stuper seg utover hamrar og klantar før ho renn gjennom det unike kulturlandskapet ved kvednahusa og sullar trolsk gjennom jettegrytene ovafor gamlebrua. Som før nemnt er flatene her på Leine ”komne” frå Sandale som lausmassar med breelvar og seinare med Leineån. På rasteplassen her ved Leineåne (med toalett) bør du ta ein lengre stopp. Medan du kosar deg med kaffe og anna godt frå nisteskreppa på ein høveleg lun og idyllisk plass, kan du lesa rammene ”Det skyt i Hødne”, ”Kvednahuse i Leineån ”, ”Då Olav den heilage prøvde å kristne vangsgjeldingane” og ”Skredulykkene i 1860”. Du kan også lesa om turar innover Sandalen (24) til Skutshødn, Vennisfjellet og Kvithaug. Ta så gjerne ein tur ned til Leinesanden der du kan ta deg eit bad eller sitja på strønden og nyte sol og utsikt. Ja, for ho skin vel, sola? Steinbrue Gamlebrue er eit eksemplarisk murararbeid gjennomførd av ”Gamle Nordlanden” og fleire med han på 1930-talet. Går du ut på brua, ser du rett ned i fleire jettegryter.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Fuglane i Uri
Vang

Fuglekikking 2.6 km · 1 – 2 t

Vennis - Sandalen
Vang

Vandring 6.4 km · 2 – 3 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt