Kyrkjistølen - Sletterust Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Medium
  • Distance 13.5 kilometer
  • Elevation 500 meter
  • Duration 3–5 timer

Legg i favoritter

Om Kyrkjistølen - Sletterust

Frå Kyrkjestølen går T-merka stig rett opp frå stølane, langs vestsida av bekken og gjennom skaret rett aust for Kyrkjenøse. Etter at 250 høgemetre er unnagjort, går du i lett bølgande terreng fram mot Grønevatnet.
Hald fram langs austsida av vatnet (1184 moh). Fiskebuene her tilhøyrer tre gardar i Øvre Dalen i Øye. Stigen er fin fram til du steingår åne ca 1 km nord for Grønevatnet. På den store flata i dalbotnen er det store myrområde som åne renn roleg gjennom. Også vidare oppover dalbotnen er det mykje myrar der storr, molte, myrullartar og vier veks, men stigen fylgjer turr grunn. Dalen verkar i det heile veldig grøn og frodig. Frå åne går stigen, som no stadvis er lite synleg, men godt varda, slakt oppover til turens høgste punkt på Skivardegge ca. 1350 moh der fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane går.

Vel oppe ved den store varden sør på Skivardeggen bør du ta ein kvil og sjå utover den ”grøne” dalen, med Grønevatnet i bakgrunnen og Slettningsegge (1524 moh) dominerande langs austsida av dalen. I synsranda ser du Suletinden, Sulefjellet og Bleia. På nordsida av Skivardeggen ser du så vidt Hjelledalstinden, Køldedalstinden og Uranostinden bak Mannsberget, medan Hurrungadn tittar opp til venstre og tindane bak Bygdin til høgre. Har du vore observant, så har du kanskje også sett fjellfuglar. Her skal vera fjellvåk, dvergfalk, tårnfalk, boltit og rype. Stigen, som enno eit stykke er lite opptråkka i ”musøyreliene”, går no slakt nedover ca. 2 km til hyttefeltet på Sletterust. Her står T-skilt i det du går inn på dårleg hytteveg, fylgjer denne ca. 100 m til vegkryss der vegen blir betre og går denne 1,4 km til riksveg 53, mellom Årdal og Tyinkrysset, der det står stort skilt ”Sletterust”. Fylgjer du riksvegen oppover til høgre ca. 400 m kjem du inn på stignettet inn til Jotunheimen ved hytteveg, og skilt ”Skogadalsbøen, Vettismorki og fremre Hjelledalen”.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Kyrkjistølen - Sletterust kart