Postvegen Øye - Gamlestøga Vandring

  • Nedover Rødalen mot Øye og Vangsmjøsa. Grensestein.

    Nedover Rødalen mot Øye og Vangsmjøsa. Grensestein. Foto: Thor Østbye

  • Oppe på fjellet er postvegen merka for pilegrimer som følgjer samme ruta fram til St Tomaskyrkja på Filefjell.

    Oppe på fjellet er postvegen merka for pilegrimer som følgjer samme ruta fram til St Tomaskyrkja på Filefjell. Foto: Thor Østbye

  • Tamrein er ikke uvanleg å treffe over fjellet mot Gamlestøga.

    Tamrein er ikke uvanleg å treffe over fjellet mot Gamlestøga. Foto: Thor Østbye

  • Fjellbjørka med vårgrønt lauv nedi Rødalen.

    Fjellbjørka med vårgrønt lauv nedi Rødalen. Foto: Thor Østbye

  • Otrøvatn i det fjerne.

    Otrøvatn i det fjerne.

Viktig informasjon

  • Destinasjon: Vang
  • Sesong: juni–november
  • Vanskelighetsgrad: Middels
  • Lengde: 17.5 kilometer (tur/retur)
  • Stigning: 960 meter
  • Varighet: 4–5 timer

Om Postvegen Øye - Gamlestøga

Postvegen følger leia som posten mellom Oslo og Bergen fulgte før veger ble bygd. Da måtte du ta deg fram til fots eller ri på hesteryggen. Her ved Øye i vestenden av Vangsmjøsa, tok stien opp Rødalen opp til Filefjell og Gamlestøga ved Otrøvatn.

Før du tek i veg, er det nyttig å studere info-tavle ved Øye stavkyrkje eller på barnehagen på Øyebakka.

Veibeskrivelse

Du kan parkere ved Øye stavkirke i vestenden av Vangsmjøsa, eller barnehagen et par hundre meter lenger vest.

Turbeskrivelse

Gå nordover langs E-16 nokre hundre meter, fylg skilt mot ”Rødalen” og ”Skytebanen”. Vil du gå heile den gamle postvegen nede frå Eltun i Øye, har du ei lang, men interessant vandring framfor deg. Du startar med å gå stølsvegen oppover forbi bomkasse og grind til fyrste kvasse venstresvingen. Der står skilt som viser ”Postvegen”. Så tek du fatt på vandring oppover bratte bakkar mot Kvinehære og skyttarbanen. Fylg skilting/merking så vil du få med deg det meste. Mange gravrøysar. Verssteinen er vel verd eit besøk. Vidare innover dalen stikk gamle postvegen seg inn i bjørkeskogen her og der. Det er berre å fylgja merkinga. Ved Gamlestølen kjem du ut på vegen att og fylgjer denne ca. 1 km, for så å ta inn på stigen att, og du kjem inn på traktorveg ved kombinert fjøs/stølshus.

Dersom du vil gjera turen stuttare og lettare, tek du bilskyss inst i dalen til der vegen svingar sørover mot Steindestølen. Fylg traktorvegen til høgre opp til fjøs/stølshus. Herfrå er det berre å fylgje merking oppover Brekkudn, forbi gamle, men restaurerte stølar, (som heiter Brekkudn og ikkje Brekkastølen som det står på M711 kartet) og opp brattbakkane på tydeleg, god stig. Vel oppe bratta med stor varde på toppen, bør du nok stoppe og nyte utsikta utover dalen. Herfrå går terrenget slakt vidare oppover gjennom lyng og dvergbjørk. To tufter, Kisebrekkudn som låg under Kjersteinsgardadn, ligg heilt inntil stigen på flatene her. Merkinga av stigen sluttar ved sva inntil elvegjelet like før Røtjednet (1132 moh). På sørsida, nokre meter nedenfor der åne renn ut, ligg to bøgahi med ca. 20 m mellomrom ca. 10 m på sørsida av ån ved naturleg va. Desse bøgahie ser du som store steinar sett oppå kvarandre. Også i dag kan ein oppleva å sjå tamrein og ein og annan elg passere over vaet og mellom bøgahia. Me forstår at fangstplassen var godt plassert.

Men her ved Røtjednet har det hendt dramatiske ting. Ta ein kvil ved den gamle stølstomta omlag midt på tjednet og les rammeteksten om Gamlestøgomannen i «Turhandbok Vang i Valdres» av Sigred Hovda og Thor Østbye .

Leia vidare går i lett og greitt terreng, med ein og annan varde her og der. Pilegrimsleden følgjer samme leia, og den er bra merka. Så det skal ikkje være vanskeleg å finna fram.

Du rundar nordenden av Røtjedn, går vest-sørvest, passerer nordenden av Tenlefjorden (1168 moh) til bukt i nordvestenden ca. 350 m nord for utløpet. Fylg merking nedover langs nordsida av åne Tenla. Når du treff grusvegen til Gamlestøga, tek du denne vestover til Gamlestøga.

Det går fin merka stig vidare frå Gamlestøga til Nystøga om det er der du har parkert bilen.

Gamlestøgomannen: I «Turhandbok Vang i Valdres» av Sigfred Hovda og Thor Østbye bør du lese historia om denne karen som drap sine pengesterke gjester.

Kart

Lagre og del

Tilbakemelding

Se flere populære opplevelser

Nystøgun - Støgonøse
Vang

Vandring 5.1 km · 1 – 1.5 t

Nystøga - Sulebu
Vang

Vandring 5.3 km · 1.5 – 2 t

Suletinden
Vang

Skitur 7.9 km · 4 – 6 t

Filefjell - jern og samfunn år 1000
Valdres

Kulturminner 0.3 km · 0.5 – 1 t

Get this adventure in the Outtt app

Available for iOS and Android

  • Download topographic maps for offline use
  • Follow your position on the map as you move along the marked trails
  • Find over 1,000 adventures with trail descriptions, practical information, and high-resolution photos

Last ned Outtt