Kvitskartinden Vandring

  • Foto: Thor Østbye

Viktig informasjon

  • Destination Vang
  • Season januar–desember
  • Difficulty Vanskelig
  • Distance 7.8 kilometer
  • Elevation 1,160 meter
  • Duration 5–7 timer

Legg i favoritter

Om Kvitskartinden

Frå Torfinnsbu fylgjer du den T-merka stigen vestover mot Eidsbugarde og passer fiskebue Nybu. Du tek av frå stigen om lag 100 m før du kjem til Langedalsån. Fylg stigen oppover Langedalen på austsida av ån på nedlagt T-merka stig i lett terreng. Stigen, som sume stader kan vera utydeleg, er stort sett varda, men ikkje merka. Du går her i morenelandskap med lyng-, lav- og grasmark, gjennomskore av bekkar og fuktige drag med rikare vegetasjon. Mot Langedalstjednet (1513 moh) blir det meir steinut med musøyreteppe inniblant.

Frå Langedalen kan ein gå opp to stader. Den enklaste og kortaste ruta går opp sørsida av framstikkande, mektig nut (ca. 1980 moh.) på austsida av Langedalstjednet. Ta etter kvart av frå stigen mot føssen som kjem ned frå botnen vest for Torfinnseggen. Nyt fjellplantane på turen oppover. Kryss åne nedunder føssen, gå opp ura skrått mot nord, og du er snart oppe i nemnte botn, på 1740 - 80 moh., der du ser Torfinnsegge midt imot. (Vil du opp og ut på utsiktspunkt ca. 1980 moh rett over deg, må du ta opp ura til venstre, nordvestover. Litt klatring på slutten og noko luftig. Omvegen tek ca. ½ time.) Ta sikte på steinrøys mot nord der du ser det er mogleg å koma opp mot dei midtre delane av den bratte ryggen. I den brattaste delen av ura er det mykje laus stein, så ver forsiktig dersom fleire går saman. Så er du oppe på flata på ca. 1980 moh, og turen held fram i stein og ur i svak stigning mot nordaust til under foten av toppen. Fylg gjerne ryggen/stupkanten mot nord og nyt utsikta i alle retningar. Siste stigninga på ca. 130 høgdemeter er lett å gå, opp til den imponerande varden på toppen. Finn fram kartet og test geografikunnskapane. Utsynet herfrå er berre fantastisk! På austsida av Svartdalen kneiser tindane på rekkje og rad med storkulten Knutsholstinden (2341 moh) som den mest imponerande. Dette er ei grei og ikkje alt for krevjande rute opp, men ynskjer du ei lengre, tyngre, brattare og luftigare rute, kan du halde fram innover Langedalen og koma opp på tinden frå nord. Men denne ruta er bratt med klyving i ur, og er absolutt ikkje plassen for folk med høgdeskrekk. Ruta blir derfor ikkje omtala nærare her, men er skildra i anna litteratur. Turen nedatt kan leggjast langs ryggen søraustover over Torfinnsegge (1996 moh) der du heile tida spaserer på kanten av stupa ned mot Svartdale, til vest for Torfinnstindo. Gå mellom dei to breane. Herfrå er det bratt, men ufarleg nedstigning ned til stigen mot Torfinnsbu.

Legg i favoritter

Del Tweet

Åpne opplevelsen i appen

Kvitskartinden kart